tirsdag 30. november 2010

Bjørkekrans, gammal stige....fuglemat...osv....

.... møter deg ved inngangsdøra vår.
Stigen er langt frå "trygg" lenger, men eg tenkte at den framleis kan gjere litt nytte for seg her.

Kransen av bjørk laga eg i går........etter "oppskrift" som eg fann eg hjå Atelier Kari , til og med ein video er der.......og enkel var den....pynta den litt med kongler, ei sløyfe av strie og ein fugl.

Og so må me tenkje litt på småfuglane i desse kalde tider........smelta fett iblanda frø, turka brød og osv......ogso her inspirert av ein blogg.....Sjarmerende jul...........er so utruleg masse fint å finne i denne bloggverda......og so inspirerande....får lyst å prøve "alt"...........nesten.

Med lykter innimellom pyntar det litt opp no i adventstida............medan me ventar......



God tirsdag!

søndag 28. november 2010

I det gamle røykjehuset......


...heng den gode maten på "rekke og rad", pinnasider, smalahòve, spekjekjøt osv.........
Handverket med å slakte, tilreie, salte og røykje kjøt har bonden lært av far sin...........ein tradisjon det er viktig å ta vare på.

Det er fullt under taket ...noko fleire i familien skal nyte godt av..........

Sjølvsagt kan ikkje det ein får kjøpt på butikken måle seg i smak og kvalitet!



God sundag til alle!

lørdag 27. november 2010

Hjort.......

Ein dag denne veka var eg invitert til lunch på Patina.........av ei god veninne.
Maten smakte som vanleg fortreffeleg.......og akkurat den dagen dreiv damene og pakka ut nye varer....bl.anna denne hjorten.
Eg måtte berre sikre meg eit eksemplar........synest den er so flott.


Hadde tenkt på eit lengre innlegg i kveld, men det får vente....for no skal bonden og kåno ut å ha ein bedre middag , på restaurant Elysèe........Park Hotel.Det er stas!

God sundag i vente!

tirsdag 23. november 2010

Plutseleg tilbake.......

...etter ei veke uten eit einaste innlegg. Veka har vore styggtravel, men slik er det alltid i "messesesongen". Og FOR ei helg det vart, med messe fredag kveld, laurdag og sundag. Nedpakkejobben sundag kveld vart ganske enkel........det meste av tinga mine vart selt i løpet av helga........og eg er sjølvsagt svært fornøgd.
Fekk endåtil omtale i lokalavisa i dag....(orsak dårleg kvalitet....å ta bilde av bilde er vel sjeldan vellukka.......men det var det enklaste i dag).


Fekk endå til bestilling på nokon nissar som eg er i gang med..........
Ha det so bra, du!

tirsdag 16. november 2010

Ein liten rapport......

....frå helgas husflidsmesse.
Her ser du deler av standen min..........salget var sånn "midt på treet" for min del, men veldig kjekt å kome på ein ny plass.

Denne veka driv eg og gjer ferdig ting som eg gjerne vil ha med til neste messe, som er no til helga. Den er open både fredag(kveld), laurdag og sundag. Då gjeld det å ha nok varer..........

God tirsdag!

fredag 12. november 2010

Nett som det pleier.......

......eg meiner : skal på messe i morgon, er på jobb, kjem seint heim i kveld, OG er ikkje ferdig med prising, pakking osv.
Må nok bruke nokon nattetimar for å kome i havn, og det er heilt vanleg. Må starte halv åtte i morgon tidleg, har heldigvis hjelp av mi snille dotter til å få klar standen, og det skal me helst klare på ein time.........jaja.
Engleorkesteret av typen dorullengel er iallfall klart..........
Kjempespent på morgondagen, gler meg.
Ha ein fin helg alle, er truleg tilbake med rapport om ikkje lenge!
Ps. Pleier selje bra på messer, får håpe det er som vanleg , det òg, då.

fredag 5. november 2010

Fine juleting frå Brukt'n.

I går fann eg ut det var på tide å ta ein tur innom den lokale bruktbutikken, der utvalet berre aukar og aukar for kvar gong eg er innom.
Gleda var stor då eg fann hyller med juleting......av mange slag.
11 drikkeglas med julemotiv.....noko grå her.....men ein runde i oppvaskmaskina håpar eg vil shine dei opp.......(kryssar fingrar for at dekoren tòler det..).

3 fine julekrus.......

2 nydelege juleløparar, som eg innbiller meg er ganske gamle.....iallfall hugsar eg slike frå min barndom (ikkje at eg er so forferdeleg gammal, men....)
Dei er i tynt, tynt gjennomsiktig stoff.....fantastisk fine.
Nokon som veit om ein får kjøpt nye slike no til dags?



Julekula trur eg òg er av eldre dato......opphengt i ulltråd..

Og til slutt to små "stjernebrikker"........


Detta var gårsdagens "fangst", men i går kveld begynte eg å tenkje på nokon gamle julenissar eg hadde sett på..................so i dag var eg der igjen.........utbyte av den turen skal du få sjå ein anna dag.
Ha ein finfin fredagskveld....og ei god helg!
Ps. Takk for alle gilde kommentarar, sjølv om eg er dårleg både på å besøkje deko og legge att kommentar......men eg kjem sterkare tilbake.....etter dei to messene eg skal på...lovar!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...