onsdag 29. juli 2009

No er me (drit-)lei detta regnet.......

...som me har hatt kvar einaste dag i snart tre veker.
Greitt nok å finne på ting innomhus...men det er berre det at slåtten må gå sin gang uansett vèr.
Vått og blautt og sleipt på bakkane gjer at der me før har slege med forhaustar må me bruke slåmaskin.....mykje meir arbeid, sjølvsagt.
Og det går treigt.....
På det brattaste skulle ein nesten hatt piggsko for å halde seg på beina......huff!!!

Slik seier Yr.no at me skal ha det ei veke til.......minst!!

Nei, lat oss snakke om noko hyggelegare.....i dag er Trollkåno begynt på ferie, endeleg....
Frå i morgon skal me ta ein ørliten pause i slåtten........bonden og kåno skal på tur!! ...ser ikkje bort ifrå at neste innlegg kjem frå Austlandet....tida vil vise.

mandag 27. juli 2009

Fine, nostalgiske bøker.

For eit par veker sidan hadde Berit T toårsjubilèum på bloggen sin, i den anledning lodda ho ut fleire av desse fine, nostalgiske bøkene.
Og tenk...eg var so heldig å vinne to av dei.....utruleg flaks!!
Aldeles nydelege, veit ikkje heilt kva kloke ord eg skal skrive i dei .......førebels ligg dei berre på stas!!


Tusen takk Berit!!

lørdag 25. juli 2009

Tre Brør Cafè......Og Smiletones (no att)



I kveld har bonden og eg hatt meir so ein "helaften" ute.
Fyrst på konsert med Smiletones på Tre Brør Cafè......som opna for ca ein månad sidan på torget på Voss.
Her gjer gamle møblar nytten....


Kafèbord av ei gammal dør....

Her heldt Smiletones sin siste konsert (so langt)...om nokon veker reiser dei til studiar i Oslo, Trondheim og Bergen, og dermed vert det vanskeleg å halde bandet saman.

Etter konserten spanderte me på oss middag.....før me reiste heim att.
"Fint skal det vere"..
Ha ein god sundag!

torsdag 23. juli 2009

SJÅ her....

..kor flotte sokkar eg har fått!
For nokon dagar sidan etterlyste Bodil i bloggen Bodil hobby og foto eit mønster som hadde stått i Familien. Bladet hadde eg, og sa at eg kunne sende det til henne.
Og som takk fekk eg dei flotte sokkane.....nesten litt for mykje spør du meg.
Men, bevares, ein seier ikkje "nei takk" heller.
Ein ting er sikkert: Slike stassokkar har aldri vore på mine føter før!
Åttebladroser under foten òg.....

Tusen, tusen takk Bodil!
Eg vart kjempeglad!!

tirsdag 21. juli 2009

Lussi trimmar....

Lussi er eigentleg svært "makeleg anlagt", og det kombinert med ein glupande appetitt gjer at ho er vorten noko rund over ryggen......les:feit!
Men no om kveldane når me driv med slåtten, då har ho lange trimstunder.
Aktiviteten er å prøve å "ta" graset når eg rakar.......og ho spring, hoppar og sprett so det er ein fryd.
Full konsentrasjon, ser du.......





HOPP!
Slik vert bilda av ein hund "i fart" og ein ustødig fotograf......



Snille Lussi!

søndag 19. juli 2009

"Røde rips til rips i krukke..."

Mykje av dagen i dag har gått til matauk........ikkje so ofte eg driv med slikt på sundagane, men med full jobb på dagtid og "full slått" om kveldane....er det ikkje tid att til å plukke bær.........

So etter frukost var det på med regnkle og ut i bærbuskane........gjekk ganske kjapt å få fyllt bøtta.......

Men jammen tek det tid å reinse, koke, sile, koke oppatt, vaske glas,fylle oppi og ikkje minst vaske opp alt "utstyret" etterpå.......
No står 13 glas med flott, blank gelè på kjøkkenbenken og du hendelse kor fornøgd eg er.......
So får me håpe at bonden klarar å skaffe heim litt viltkjøt til hausten.......det skal smake....med ripsgelè attåt.

Og til slutt: Vaniljeis med nylaga gelè er nydeleg, søtt og godt!!!


Ha ei fin veke enten du jobbar eller ferierar!!

fredag 17. juli 2009

Smiletones på Moldejazz...

Ja , faktisk fekk desse fire gutane tilbod om å spele konsert på årets Moldejazz ( til og med litt betaling!)......ei stor oppleving for dei, vil eg tru (som so langt har spelt mest på Voss (og i Bergen).......Børgeguten vår (på trompet) gledde seg iallfall stort
(Bildet er teke for eit år sidan, jazzlæraren John Taylor på saksofon) Foto:S.Ulvund
Onsdag ettermiddag la dei i veg, med leigd bil, telt og soveposar.(og instrument!!!).....
Bonden og eg var fast bestemt på å reise til Molde i dag, men desverre.....ho som skulle komme og "passe garden" måtte melde avbod på grunn av sjukdom......og dermed gjekk turen "i vasken".....(skuff....)
Konserten er i Alexandraparken laurdag kl 15.00-
Dagens rapport frå Molde: Flotte konsertar, artistpass for heile veka og stor stemning.....m.a.o. dei storkosar seg!
God helg!

onsdag 15. juli 2009

Har du sett på maken??.....

...til stilig bil?
På veg til jobb i dag tidleg måtte eg fylle bensin.......og desse "tøffingane" her var ute i same ærend.....dvs. bilen synest eg var kjempekul!!
Ikkje akkurat nokon familiebil, men....
Har ikkje peiling på merke.....

Er ikkje spesielt oppteken av bilar, men her måtte eg fram med kamera.......skulle gjerne fotografert frå "alle" kantar, men det torde eg ikkje........prøvde å legge meg "på hjul" gjennom gato på Vangen.........for å få fleire bilder.....men gutane hadde det tydelegvis styggtravelt........og eg tenkte det var lurast å konsentrere seg om fotgjengarar og slikt......



Jaja, so fann eg noko å blogge om i dag òg...........er temmeleg tomt i skolten av denslags for tida......men no må eg ut og rake......bonden har slege ned ein heil teig.
Me sjåast!!

søndag 12. juli 2009

Med salt til sauene....

Det er mogleg du er lei av "fjellreportasjane" no, med sauer, hundar og vestlandske fjell.
Men eg håpar du vert med på ein liten tur i dag òg......"ærendet" var å bere salt til sauene...

Litt regn på veg "utover", men under ein fjellhammar fann me "tak over hovudet"....



Bra "bør" i 10 kg saltstein.......dette er "snacks"....

Mørke skyer nærmar seg......

... på veg heim opna slusene seg......og siste timen av turen var det reine "syndefloda"......

..og me vart våte til skinnet.....men ein fin tur var det!!!

torsdag 9. juli 2009

Pilen gror...

"Pilskulpturen" (flott namn?) gror so fint.....og er grøn og frodig.

Alle skota som har kome oppetter er plukka av....og berre dei på toppen får vekse.
Synest den er fin, eg...



Blomkarsen veks òg.....i den fletta "tingen".......er iallfall masse blad.Trur kanskje eg har vore litt raus med gjødsel....ser ut som det vert mest grønt , men i dag har eg funne opptil fleire knoppar....


Til slutt den gamle gryta med stemor.......i nydelege fargar.

Ha det so bra!

søndag 5. juli 2009

Eit døgn i fjellet...

Husmalinga i går gjekk nøyaktig etter planen og dermed kunne me pakke sekken og reise til fjells.........målet var Skorsetvatnet.......som ligg knapt 800 m.o.h.......i dette området er det sauene våre går.....


Klokka var ni før me var framme i går kveld.....og sola var i ferd med å gå ned.....men temperaturen var upåklageleg...

Kveldsbad..


Bonden prøver fiskelukka...



Medan kåno har nok med å passe bålet, strikke nissehuer o.s.v....


Bonden har alltid med litt "posegodt" til sauene.....



På heimveg...


Skål for dette vakre landet vårt!



fredag 3. juli 2009

Pause i slåtten....me målar hus....

Fyrste etappe av slåtten var ferdig for eit par dagar sidan...og no er det husmaling (beising, eigentleg) på gang.....noko som skulle vore gjort for leeenge sidan. I går kveld vart stillaset rigga opp....og i dag har bonden vaska veggen grundig.
Hm....før i tida brukte me stige når me måla hus.....jaja, er vel utviklinga...
Neste operasjon er å spraye på ein slags soppdrepemiddel....og so går me laus....
men førebels sit me i skuggen og "ladar opp", heilt utslått av varmen me er velsigna med i desse dagar.
Planen er å starte målinga kl åtte i kveld....og drive på so lenge me ser arbeidet.....trur det skal gå bra iallfall til midnatt.....

På den veggen kjem sola ca kl. tolv på føremiddagen.....det betyr at me må grytidleg opp....vert ei kort natt m.a.o.
OG: Dersom- hvis- sofremt- ifall me klarar å få ferdig den veggen i morgon skal me kanskje pakka sekken og reise til fjells i morgon kveld, med telt og sovepose.
Å, det hadde vore topp , det!!!!!!
God helg!!
På med arbeidsklè, her må det jobbast!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...