søndag 26. februar 2012

Pung med bandbroderi.

 Som eg skreiv i eit tidligare innlegg, dreiv eg og prøvde meg på bandbroderi...........og her er det  fyrste ferdige resulatet......ein pung.....(ca 14x16)cm.
 Det aldeles nydelege stoffet har eg kjøpt på Quiltekroken i Bergen.
                             No kjem jammen sola fram att!
                     Ha ein fin sundagskveld!

fredag 24. februar 2012

"Har du sett so rart...."?

 Slik såg det ut  på bilen då eg kom ut i går........etter snø og seinare mildvèr har snøen rulla seg fint saman på frontruta......
                     Naturen er forunderleg.......
                           God helg til alle!

lørdag 18. februar 2012

"Alt" skal prøvast....

 Denne gongen er det bandbroderi eg har lyst å prøve........dvs har gjort nokon spede  forsøk på.......som ikkje egnar seg for "visning"....
 Fine bøker om emnet........
 ...og band av ymse slag....
Tida vil vise om det lukkast.............MÅ berre prøve!
Skulle vore kjekt å vite  om det er nokon sydamer "der ute"  som driv med nettopp dette?
I dag har eg fri....snøen lavar ned, og eg kosar meg inne!
Ps. Stadig nye følgjarar av bloggen dukkar opp... kjekt.....velkommen skal de vere!
God sundag i vente!

lørdag 11. februar 2012

Litt meir småtteri.....og ein nydeleg bukett.....

 Alt tyder på at eg er hekta på å sy krusmatter. ..ein super måte å få brukt restar på. "Grisestoffet" har eg litt meir av, men dei andre  kjem frå restekassen....kjekt!

 Må òg vise denne fantastisk fine buketten som bonden kom heim til kåno si  med i går........

No skal eg på jobb nokon timar....og når eg kjem heim i kveld skal eg kose meg med festkonserten frå NM Brass i Grieghallen. (Opptil fleire av "mine" deltek der.) På TV2 Sumo kan eg sjå heile Nm direkte...for berre ein 50-lapp.  Heilt ypperleg for dei som ikkje kan vere tilstades........
Ha ei fin helg alle...og god morsdag til alle mødre!!!

søndag 5. februar 2012

Litt småtteri......

 ...eg har sydd i helga. Har hatt frihelg og riktig kosa meg på syrommet. Planer var å ta ein skitur i dag, men med tett snøvèr kom me til at det trygt kunne utsetjast. So bortsett frå litt husarbeid, vedbæring, fyring og matlaging har mykje av tida gått med på syrommet. Bladd i mønster, sett på dei fine stoffa mine ........og sydd litt.......reine luksusen, må vete.
 Etui til papirlommetørkle.....
 ...og eit par pungar......vart heilt ferdige....meir er på gang.
Ha ei fin ny veke, folkens!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...