søndag 1. desember 2013

Messseinnlegg!

Etter at siste messa for i år er avslutta, fekk eg jammen lyst å lage eit nytt innlegg på bloggen.
Dette er frå gårsdagen, og teke på føremiddagen. Etter kvart fekk mange av desse tinga (nissane) ein ny heim....kjempekjekt !
 Denne gongen stod eg ute i eit telt, noko som forklarar habitten og dei store støvlane (måtte ha plass til mykje ull under).
Men teltet vart oppvarma, so me leid ingen "nød".

 
                               Vil du sjå fleire bilete, gå inn på:http://www.vossnow.net/

                     Fin sundag til deg!


søndag 15. september 2013

Ein forsømd blogg...

 
Etter fullstendig bloggstopp i slutten av april, er det kanskje på tide å vekkje den til liv igjen.
Har verkeleg sakna blogginga, og kontakten med deko . Men sommaren har gått i fykande fart, ein fin, travel sommar.
No prøver eg igjen....:)
 
Bileta viser den nye pusen me fekk i hus tidligare i sommar og Tinka, som er litt tilvenjing er vorte gode vener. Når det gjeld historia om "gamlepusen", skal eg kome tilbake til den seinare:)
 (Alt er telefonbilde av heller dårleg kvalitet:)
                                                    God sundag kveld!


lørdag 20. april 2013

Ei ugle til pynt.....

 
.....og litt nytte.
Vel, nytteverdien kan vel diskuterast, men litt småting kan den romme.
 Mønsteret fann eg i dette bladet, som eg fall i freisting til å kjøpa  ein dag eg var innom Narvesen. Fleire fine idèar her........
                                Ein fin vårdag i dag, med heile 11 plussgrader....!
                                      God sundag i vente!

lørdag 6. april 2013

Rørande omsorg

 Denne veka har pusen vår vore sjuk, med oppkast og diarè....og fullstendig uten matlyst. Dyrlegen har kome til at det er ein infeksjon, og etter sprøyter med antibioteka (og no mikstur) er helsetilstanden betre......
Det eg eigentleg ville fortelje, er den rørande omsorga som Tinka viser. Ho skjønar at det er noko i vegen med pusen, legg seg attmed han, "pirkar" borti han med labben og sleikjer han. Utruleg fint å sjå!
(Elendig bildekvalitet,ja)
I kveld er han "tilbake" på krakken når me et kveldsmat, i håp om å få noko godt...Jau, han er nesten frisk att ;)
                                                     Ha ein fin sundag!

søndag 10. mars 2013

Eg har flytta.....

 ...ikkje akkurat ut av heimen, men har flytta sy/arbeidsrommet mitt. Hadde det minste rommet i huset + div. her og der. No har eg fått største soverommet og prøver å samle alt på ein plass. I denne flytteprosessen har eg gått gjennom alt eg har samla gjennom åra, av mønster,stoff,garn og div. anna, og hatt ein kritisk gjennomgang av alt, med tanke på at eg kanskje kunne kvitte meg med noko.Men da e'kje lett, so det meste blir med "vidare"....
Har òg sydd litt meir. Etter at eg viste rundpinnemappene, har eg fått  spørsmål frå fleire som  vil  kjøpe slike.  Tenkte at eg måtte  sy i litt forskjellige stoff,då.....



                                     Fleire er under arbeid...
                        God sundag i vente!

onsdag 27. februar 2013

Toalettveske

 I dag har eg hatt fri og storkosa meg på syrommet. Fått ferdig denne toalettveska.......
Må nesten vise baksida òg.....eit aldeles nydeleg stoff, kjøpt hjå "Trapp ned" i Førde. Motivet på framsida kjøpte eg på vestlandstreffet, men klarar ikkje hugse på kva butikk.
Fin onsdagskveld!

søndag 24. februar 2013

Litt for seint......eller altfor tidleg.

Eller var det slik at jula varer heilt til påske?
Desse julegrytelappane har eg pusla med i det siste.Hadde tenkt å lage eit par til meg sjølv før jul, men som vanleg hadde eg for store planer og dei var lagt vekk.


Men no er dei iallfall ferdige, og ikkje berre eitt par, men tre........kanskje vert det eit nytt messeprodukt, eller kanskje julegåve. Mønsteret er frå Drops design.
Ha ei fin, ny veke!

søndag 17. februar 2013

Mapper til rundpinnar.

Har faktisk sydd bittelitt sist veke, eit par mapper til rundpinnar. Desse er ca 26 cm i diamter og rommer minst 25 rundpinnar. Mønsteret fekk eg på eit møte i quiltelaget, og er frå Anne Kari Quilt og Søm.
Synest  desse stoffa passa so fint  til desse mappene, både det med garnnøstena, òg kjøpt hjå Anne Kari, og dei søte pusane frå Olaug.s Quilt.
 
Har klypt fleire, skal berre sy dei:)

Ha ei fin veke alle der ute!

fredag 8. februar 2013

Strålande fredag

 Fredag igjen.......dagene og vekene går i ein fykande fart. Etter eit par månader utan, er sola tilbake hjå oss. Og no er ho her i fleire timar allereie....
Er berre innom for å sei god helg til alle! Eg har ei særdeles travel jobbhelg, men skal òg få med eit bursdagsselskap.
Denne flotte buketten kom snille bonden heim med i går, slikt vert sett pris på!
Eit bilde frå den vakre bygda  vår i solskin måtte òg vere med......
 
Ha det so bra!!

lørdag 2. februar 2013

Nissesokkar i februar.

 Vel,det var ikkje akkurat i dag dei ver ferdige, då.....har berre so lyst å vise dei. Synest dei vart ganske fine, om eg so skal sei det sjølv. Ser foresten at nissane har fått litt skeive auge (dei er sydd  på). Jaja, pytt pytt....
Oppskrifta fann eg på Drops sine sider.....og garnet er Oda.

Ha ein fin sundag i morgon,då!

lørdag 26. januar 2013

Problemet er løyst....

 
.....Og veit du kva?....det løyste seg heilt av seg sjølv. Hadde bestilt time hjå datadoktoren i familien, men plutseleg kunne eg laste opp bilder igjen....merkelege greier.
Denne veka har eg laga islykter i ballongar, etter å ha sett det på fleire bloggar. Med kulden me har hatt i det siste, har det vore ei enkel sak:)
 Fyllte vatn i ballongar og let dei stå ute i nærmare eit døgn...ved 15-16 minusgrader.
 
                                                                 Dei 2 fyrste.

 
 
Med raud konditorfarge 

 

                        Men neste veke lovar Yr.no mildvèr og regn. DÅ spørs det korleis det går med lyktene.Kanskje eg må spandere plass i frysaren på nokon av dei?
God sundag!

onsdag 16. januar 2013

Frustrert!!

Får ikkje lasta opp bilde til bloggen i dag (ikkje i går heller)....og nett no når eg hadde "ånden  over meg", til å blogge. Må vel berre vente til problemet  går over.......eller?

               Men  ha ein fin dag,du!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...