torsdag 26. februar 2009

Det 7. bildet i den 7. mappa.

Denne utfordringa med det 6. bildet i den 6. mappa har eg hatt tidligare, og dermed måtte det bli det7. bildet i den 7. mappa.
Heile denne mappa inneheld bilde frå turen til Italia som bonden og eg var på i september 2007.
Ein fantastisk tur .....der me budde 2 døgn i Roma og 5 døgn i Sorrento.
Dette bilde er frå Petersplassen....Paven hadde visstnok nett vore der og helde tale, difor alle stolane.....

Er sjølvsagt freistande å ta med litt fleire bilde frå turen (kunne gjerne vist heile mappa, eg).
Her står Trollkåno og skuar utover i Collosseum, ein av dei plassane som gjorde størst inntrykk.
Kunnskapsrike og dyktige guidar gjorde turen til ei einaste lang historie- og kulturreise.
Frå ei trang handlegate i Sorrento...
Dei 5 døgna me budde i Sorrento var me på dagsturar til Capri, Pompei og andre kjende plassar...her frå Pompei...som de ser hadde me strålande ver.
Denne utfordringa har visst vandra rundt ei stund, so no kan de ta den den som vil.....
Tordag kveld, då kan me vel sei: God helg!

tirsdag 24. februar 2009

Ein hagedraum

Er ikkje berre når det gjeld handarbeid ein vert inspirert her i bloggverda. Etter å ha sett på bloggar rundt omkring der mange er igang med såing, har eg fått ånden over meg, eg òg.

Kan ikkje akkurat skryte på meg at eg har "grøne fingrar", men fine blomar vil eg gjerne ha...Det kan no vel ikkje vere so forbaska vanskeleg?
Pleier så eit par enkle sortar, men ellers vert det meste handla på torget eller i gartneriet.
Men i år skal det verte annleis og "repertoaret" er utvida, frø er bestilt, håpar dei kjem litt kvikt....

No gjeld det å ikkje gape for høgt, so for sikkerheit skuld valde eg planter der det stod:"Lett å dyrke"......eller "vokser villig", då skulle det vel gå bra.......og det er vel aldri for seint (å prøve, iallfall)?
Detta vert spennande.....ser for meg det blomsterfloret til sommaren...........
Jaja, det er langt fram......til bløming, meiner eg.

søndag 22. februar 2009

Konsert på Troldhaugen.

I dag har bonden og eg trossa influensa og dårleg form og reiste på konsert. Yngste son skulle delta på konsert med Unge musikere....sidan konserten var på Troldhaugen trengde han dessuten skyss.

Me har ikkje vore på Troldhaugen før, ein nydeleg plass. Allèen frå parkeringsplassen og bort til Troldsalen er verkeleg flott med store, krokete tre. Lurte fælt på kva tre dette er.....og drista meg til å spørje ei eldre dame (med ein liten hund) "Nei, eg vet ikkje....men et tre er et tre"......jau, da e no so......"men, kanskje du veit?" spurde ho ei anna dame som kom forbi (med ein litt større hund) "Nei, eg er ikkje sikker, men kanskje det er bjørk? "
Nei, her var det ikkje mykje hjelp å få......

Den flotte villaen Nina og Edvard Grieg budde i dei siste 20 åra han levde.

Dette stilige bordet fekk eg teke bilde av gjennom eit vindauge...kva seier de bloggedamer, hadde ikkje dette vore noko å hatt i heimen? Mange ville vel ha malt det kvitt...hm.. men nydeleg er det....



Troldsalen er ein fin, intim konsertsal.....

Børge i aksjon......

Etter konserten, her med akkompagnatør.
Etter konserten spanderte me på oss middag på kafè før me reiste heim att....ein hyggjeleg dag!

Ei god veke i vente til alle!

lørdag 21. februar 2009

Svart/kvit

Då eg oppdaga at sundagen skulle vere i svart/kvit tenkte eg med ein gong på desse fire.
Ein fin , travel gjeng som er gode vener.

Måtte spe på med litt bilde frå ein kyrkjesundag......med salmebok og motiv frå alterduken i kyrkja vår.

Har vore ei kjekk men travel veke med fargane........og so har me ikkje mangla bloggetema.
Nyt sundagen!

Jakt på lilla

Den lilla vart nett so vanskeleg som eg tenkte. "Surra" rundt på leiting i heimen, men fann berre eitt nøste med lilla garn.
Løysinga vart å ta med kamera på butikken når eg skulle handla mat til helga.
Jaja, veit ikkje om det er juks, men slik vart det:

I morgon er det svart/kvit, det vert enkelt.

Får ta med ei helseoppdatering i dag òg:
Bonden vart (som forventa) liggande strak ut, han òg. Tredje dagen no.....Påstår at han har ikkje vore so dårleg som eg var, og det trur eg er rett ......men då han i går kveld forkynte at mat ikkje er godt, då forstod eg at han er slett ikkje bra!
Men i dag har han lyst på sjokoladepudding. Det er håp!
Eg klarde ikkje kome meg på jobb i går heller, hadde nok med å ta florsstellet og dra litt ved i hus.
Men i dag går alt meget bedre......
Ha ein fin sundag!

fredag 20. februar 2009

Oransje

Mitt vesle bidrag til ein oransje fredag.


Ei fin helg ynskjer eg alle!

torsdag 19. februar 2009

Den gule torsdagen

Har "raska" ihop nokon bilete med tema gult....so kom eg frå det i dag òg...


Sidan eg er "på lufta" må eg ta med ein liten helserapport frå heimen: Eg var feberfri i går kveld og la til dels store planer for dagen, berre ting som skulle utførast i heimen, sjølvsagt.
Men du hendelse kor slapp ein vert etter fleire døgn med feber. Berre ein tur i kjellaren for å setje på vaskemaskina kjendest som reine ekspedisjonen. Nei, får nok halde meg i godstolen med heklearbeid.....det klarar eg fint.
Bonden for sin del er på det stadiet at han sit i godstolen med tjukk gensar, pledd og frys. Men på spørsmål om han ikkje er bra, er svaret: "Jaudå, berre litt "urven" i dag .Skal snart ut og jobbe". Jaja, tida vil vise om det bèr same vegen med han.
Ha ein super torsdag kveld!

onsdag 18. februar 2009

Utslått av virus

Å ligge strak ut i dagevis er ikkje mykje å trakte etter........men når viruset herjar og kroppstemperaturen passerer 39 grader og nærmar seg 40 er senga einaste alternativet. Slik har det vore sidan sundag.....og eg som (nesten) aldri pleier få slike "sykjer" måtte til pers denne gongen. I dag er feberen endeleg på veg ned att og pc'en som har stått "ensom og forlatt", held meg med selskap i senga. Håpar berre den ikkje vert smitta av viruset!!!! hm.

Tusen, tusen takk for alle godbedringhelsingar frå dykk, vert heilt rørt, eg...

Var heilt bestemt på å vere med på utfordringa frå Koselig koselig med ei "fargeveke", er kanskje litt seint , men eg hiver meg på.........er ikkje snakk om å fotografere i dag , so bileta er henta frå arkivet.

RAUD MANDAG


BLÅ TIRSDAG



GRØN ONSDAG

Då bonden kom heim til lunch i dag og fann meg i senga med pc forstod han at no er Trollkåno
på bedringens veg.....og takk for det.
Ha det godt alle og igjen takk for alle gode helsingar!

søndag 15. februar 2009

Helga gjekk (og influensa kom).

Denne helga har eg stort sett vore på jobb. Var meininga at eg skulle ha ein lang dag i dag òg, men sidan musikklaget i bygda hadde basar (eller marknad som me kallar det), avtala eg med kollega T. at han skulle overta kl 15.
I går kveld merka eg at halsen vart so underleg sår, og ikkje var eg radt god sjølv heller.
Eg "kara" meg på jobb i dag , men var særdeles fornøgd med å kunne reise heim.......og det vart ingen marknad på meg.
Etter å ha fyrt i peisen , innteke paracet og laga ein god kopp te har godstolen med pledd vore tilhaldstad.
Håpar alle får ei god veke og at de held dykk friske!

fredag 13. februar 2009

Eg og Lussi er på jobb......

Denne helga har KFUM-KFUK sokalla vinterfestival i idrettshallen og det vil sei masse jobb.
Denne vakta i kveld varer til godt over midnatt, neste frå ni til sytten i morgon og ei lang vakt på sundag. For å fylle tida her i vaktbua har eg: Pc, heklearbeid og siste nummer av Lev Landlig...(+ kaffi) So då kan eg vel ikkje klage?

Nett no er det opningshow, stor stemning og hundrevis av ungdommar har det kjempekjekt....


Lussi er med på jobb kvar kveld no og ligg under benken for det meste. Denne veka har eg sydd ei seng til henne, eller kanskje liggeunderlag er meir dekkande.
To lag med vatt og fleece til trekk.....fungerar fint, det.



Ei god helg til alle enten du har fri eller jobbar!

tirsdag 10. februar 2009

Ramp


At kvelpar gneg på alt dei måtte finne i nærleiken er eit vanleg fenomen, men aldri har me hatt ein slik kreativ hund når det gjeld å finne "ulovlege" ting som Tinka.
Har ymse ting som ho har lov å gnage på, men det vert for kjedeleg......finn ho ikkje ting på golvet , veit ho råd...då strekkjer ho seg so lang ho er er......og får tak i ting både på bord og kjøkkenbenkar.
Før jul fekk ho tak i bonden sin splitter nye telefon som låg på kjøkkenbordet, og den var fort "ekspedert".

Bonden har ved eit par høve teke ho "på fersken", og sagt ifrå i klartekst at detta ikkje er lov, men leksa er visst ikkje lærd enno.
På kjøpmannsdisken på kjøkkenet måtte me fjerne knottane på skuffene....der opna ho og fann dukar som ho såg seg nytte i.

I går "toppa" det seg....eg sat på arbeidsrommet og sydde....litt romstering var det på kjøkkenet, men det er heilt vanleg.
Men for eit syn som møtte meg: mykje av kjøkkengolvet og senga til Tinka var tilgrisa av blått blekk.
Ufatteleg kor mykje blekk det er i ein slik penn.
Her måtte "sterke saker" til for å det fjerna.....svake blå flekker viser endå på golvet.
"Bevisa" er klare:

I påvente av at uvanen vert "plukka" av ho, er bord og benker reinska for ting som kan freiste...
Ha ein nydeleg onsdag kveld!

Kjøkkenting og utmerking

Denne flotte har eg fått frå Besta....mange tusen takk for den!
Fekk for ei stund sidan ei utfordring frå Line : vis favoritt-ting frå kjøkkenet.
Var litt vanskeleg detta, synest liksom ikkje eg har nokon favorittar.
Men ting som eg er meir glad i enn andre, finst sjølvsagt.
Startar med dette vinkruset som eg kjøpte på Kjerringtorget, Nesbyen for fleire år sidan.

I byrjinga var det ikkje noko godt å drikke av og heldt på å ende opp som blomstervase....men no er det favorittkruset, og rødvin smakar nydeleg i dette....(Kjøpte foresten to, tenkte bonden måtte få eit òg.) Men han vart ikkje særleg begeistra, so då eg knuste det eine, var det igrunn inga katastrofe..
Dei andre tinga eg viser er alle arvegods frå barndomsheimen
Det gamle saltkaret......

Gamle, fine boksar....den eine hadde me til kakao, den andre til te...


Til slutt tek eg med radioen, av heller ny årgang.....den er nok ein favoritt, ja.
Det var visst alt for i dag!

Ein god kveld til alle som er innom til meg, og legg du att ein kommentar vert eg særdeles glad!

mandag 9. februar 2009

Å, for ein strålande morgon!

Nydelege vinterdagar har me...snø, sol og nokon kuldegrader. Kan det vere bedre på denne årstid? Måtte det vare lenge, eg synest denne tida er so flott.

Har kankje noko med at dette er den beste hobbytida mi. Desse månadane frå jol til påske er det roleg på garden. I fyrste delen av april er lamminga i gang, og sidan går det slag i slag med vårarbeid osv.
No kosar eg meg....hobbyprosjekta står i kø, oppi hovudet iallfall..(so vil det vise seg kor mange som kjem "ut")
I april kan våren komme, hastar ikkje.....


Ha det godt alle og nyt vinterdagane!

fredag 6. februar 2009

Det har skjedd igjen.....

..eg har gløymt å avbestille ei bok frå Hobbyklubben(har pålagt meg sjølv innkjøpsstopp, nemleg) og dermed kom den i posten i går.. Bonden kom heim til lunch og hadde posten med seg, og det ante meg når eg såg pakken kva som hadde skjedd.
Eg opna forsiktig uten å rive sund innpakkinga, med tanke på at eg skulle returnere den, men måtte nett sjå kva pakken inneheldt.
Den fine boka.........lappeteknikk i raudt og kvitt.
Raudt som er favorittfargen min....
Bonden forstod snart at eg hadde lyst å behalde den.... (og berre 2 dagar til morsdag...)
Og slik vart det, eg fekk boka og bonden tok rekninga.
Det var vel ein god deal?
Hoppande glad, vart eg...........her er masse fine ting å sy.
Ps. Bonden er sjølv med i ein krimbokklubb og veit kor lett det er at den avbestillinga "glippar".
Ei god og kreativ helg til alle!
Og kos deg på morsdagen i morgon!

torsdag 5. februar 2009

Eit hekleprosjekt

Vert so utruleg inspirert av besøka rundt på bloggar......er so mange flinke damer, og dei deler gjerne sine gode idèar og prosjekt med andre. Eg har "alltid" drive med forskjellige ting, men no har det liksom "teke av". Vil gjerne både sy, strikke, hekle, måle, og alt på ein gong.
Dette har sjøvsagt resultere i mange prosjekt i arbeid, og so får me håpe at alle kjem i land.
Det aller nyaste er hekling:
Hekling har aldri vore mi "greie", men etter å ha sett på mange flotte tepper av bestemorruter rundt om på bloggar, måtte eg berre gå i gang.


I dette tilfellet slapp eg springe på butikken og handle inn.... etter "vevperioden" for mange år sidan hadde eg ein god slump garn ståande i kassar. Fargane var nett slik eg hadde sett for meg, skikkeleg flaks med andre ord. Noko var i spolar og eg kunne finne fram heklenål og gå i gang....det må gå kjapt når eg har bestemt meg.

25 lappar er ferdige, langt att......men det hastar ikkje, dette er kosearbeid.....
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...