lørdag 28. januar 2012

Ein praktisk ting til syrommet.

 Nytt produkt ferdig på syrommet: Kan vel kalle detta ein syboks,eller kanskje heller "syspann".
 Inni er det nemleg eit toliters plastspann......fungerar fint, det.
 Lommar både inni og utanpå.......
 Idèen fann eg hjå Britt's hobbygleder..........
I dag er det mest avslapping og Tv.........må få med litt frå Nm på ski på Voss. Skulle sjølvsagt vore på arenaen og kjent på  stemninga, men i kveld er det Nm-dans i idrettshallen, og eg ser føre meg ei lang natt på jobb.  "Ladar" difor opp heime.
God sundag i vente!

torsdag 19. januar 2012

Tennbrikettboks i ny drakt.

Endeleg fekk eg somla meg til å sy litt igjen.
Her er resultatet av ein føremiddag på syrommet,.....ja, for no har eg rigga meg til med syrom i kjellaren. Har eit arbeids/hobbyrom oppe frå før......og i tillegg lager nede.
Som eg har sagt før:Er særdeles glad for at bonden er ein snill og tolmodig mann, som let meg drive på å  "rote"  overalt (nesten).

I dag vart det dette "trekket" til tennbrikettboksen.......som hjå meg er fyllt med konglar, never osv til opptenning.Praktisk er den........og i utgangspunktet ikkje spesielt fin. Bileta har eg funne på nettet, og skrive ut på dei supre arka frå Panduro.
Fort gjort....og kjekt med  litt "sy-tid".
Torsdag allereie........god helg,du!

fredag 13. januar 2012

Fine pusar!

Tjuandedag jol i dag, og sjølv hjå meg vart pynten pakka ned i dag. Treet får  lov å stå til i morgon.....tida vart for knapp før jobb.
 Eg likar foresten januar godt, då kan eg få sett ut i livet nokon av dei prosjekta som har kverna rundt i hovudet i det siste.
Det aller fyrste er eit syprosjekt med desse fine kattane som eg har samla på ei stund.
Men før eg set meg til symaskina skal eg brodere litt....det skal òg vere med her.

Til slutt eit lite ordtak eg fann:

God helg til alle!

fredag 6. januar 2012

NM-huer.

Siste veka av januar skal det vere "Nm på ski" på Voss (langrenn,hopp og kombinert).
Då må sjølvsagt utstyret vere i orden....og her er mitt vesle bidrag.
 Rundt om på skulane har elevane strikka huer til "den store gullmedalje"......sikkert mange som har lært strikkekunsten denne vinteren....... flott!
For dei yngste er det sjølvsagt ikkje SO enkelt, og dei fekk mønsteret med heim. Eg var kjapp å føreslå at eg kunne strikke eit par stk....koseleg og raskt "arbeid".
Nissemor og -far (som framleis sit ute) vart modellar i dag.

Ha ei god helg alle!

onsdag 4. januar 2012

Fann da på Brukt'n.....

 ...eit påbegynt brodert bilde......
 Mønsteret er med........
 Stoffet trur eg er lin.....og det er stort: 60x80 cm.
 Eg kjøpte det pga all den fine broderitråden som var med i pakken....mange fine fargar.
 Men stoffet vert lagt i skapet, og der vert det nok liggande. Skulle det vere nokon der ute som er glad i å brodere korssting kan du gjerne få det. Skriv ein kommentar evt mail, so sender eg.......skal i tilfelle ikkje  kosta deg noko meir  enn porto + konvolutt :)
(Fyrst til mølla her)
Ha det so bra!
No er det strikketøy,kaffi  og handball på tv, har frikvelden min må vete!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...