tirsdag 29. juni 2010

Ein liten rapport.......

So gjekk det nesten ei veke før det vart eit nytt innlegg, ja............ei særdeles travel veke.
Fyrst av alt....tusen takk for alle gode, snille helsingar frå deko, etter innlegget om Teddy.
Me saknar han, men me trur han hadde eit godt liv...fekk gjeta sauer som var det beste han visste, og han fekk springa fritt på garden.....har knapt nok måtte gå i band.

Sist veke var det Landskappleik på Voss, med hovudarena i idrettshallen...og dermed vart det lange dagar og netter på jobb. Masse blide folk som spela og dansa (nesten) døgnet rundt....
Desse flotte figurane var laga i det høvet.....

Etter jobb natt til sundag og soving til godt utpå føremiddagen, bråbestemte me oss for ein tur til Jondal på Handverksmessa. .....bonden fann det tryggast å køyre sjølv!!

Spanderte på meg eit smykke i glas......

laga av denne dama........

Ellers driv me med slåtten...og det regnar.......

onsdag 23. juni 2010

Trist....


Teddy - den superflinke gjetarhunden vår måtte avlivast i går kveld, 11 år vart han. For under ei veke sidan oppdaga me fleire store lymfeknutar på halsen hans. Dyrlegen sa at han frykta det var kreft........men me håpte i lengste at det "berre" var ein kraftig infeksjon......
Han fekk antibiotikakur, og etter eit par dagar synst me han var i bedring, men desverre.........formen vart dårlegare, og i går kveld var det slutt.
Veldig trist å missa gode, snille Teddy'en.........som var so flink å gjete sauer......
Heldigvis ser det ut til at Tinka tek opp arven som gjetar.......men ho er langt frå utlærd...........

torsdag 17. juni 2010

Lydbok er lurt.....

Har verkeleg fått "sansen" for dette med lydbok. Har aldri vore nokon "lesehest", handarbeid har alltid vore prioritert i den fritida eg har hatt. Men no, derimot.......med lydbok........får eg dobbelt opp, liksom. ...og med lyden i øyra kan eg gjere det meste av arbeid både ute og inne.....passar meg heilt super å få bøkene "intravenøst", for å sei det slik........
Nett no er det denne eg høyrer på.........

den forrige var denne........
Mange seier at det er ikkje same stasen som å setje seg ned og lese i god bok, men hjå meg hadde alternativet vore: inga bok..............og då er valget lett.
Ha ei god helg!

lørdag 12. juni 2010

Evangerlaurdag og Eldsjelpris.......

Endå ein Evangerlaurdag er gjennomført....med stil.
Etter vèrmeldingane på førehand var me noko spente, men du hendelse: Det har ikkje regna ein drope og me har hatt ein flott dag i bygda vår. Masse folk, salsboder, underhaldning, grilling osv...

Og sjølvsagt: konsert med musikklaget......

Her har eg klart å få med alle fire borna våre på eitt bilde.......
Dagens kjempeoverraskelse: Bonden fekk tildelt Voss sparebank sin "Eldsjelpris", for arbeidet han har lagt ned for musikklivet gjennom mange år.
Heile 50 000 kr er prisen på, dei skal delast med 1/2 til musikklaget og 1/2 til han sjølv.
Fantastisk kjekt, og vel fortjent etter mi meining, sjølv om eg kansje er " noko innhabil"...
Her ser du ein overraska og glad prisvinnar......

Pssst...Han seier me skal bruke pengane på utenlandstur.....tralalala!
I kveld vert det standup-show, dans og moro...........so får morgondagen bli som han blir..........
God sundag i vente!

torsdag 10. juni 2010

Fine Theodor.

I dag skal du få helse på fine Theodor......han kom til meg i posten denne veka.
I namneforslagkonkurransen hjå Gunknitter var det mitt forslag som vann, og eg vart den heldige vinnar av denne fine fyren........såg med ein gong at dette var Theodor.

Eg er so imponert over dei fine figurane den dama tryllar fram......med ull og filtenål.

Tusen, tusen takk...eg er glad og stolt over å eige eit av dine flotte produkt.....skal passe godt på han.

Ei ny veke har rasa forbi...og helga nærmar seg.
Håpar den vert god for alle!

torsdag 3. juni 2010

Geraniumane mine.....

fyller opptil fleire vindauge .....alle er stiklingar frå fjorårets.
Dei rosa sådde eg i fjor, og dei vart so fine.......
Tenkjer at nokon av dei skal få kome ut snart......

Seier geranium,eg......las nett at det var det namnet besteforeldra brukte.....og no seier ein pelargonium.Men sta som eg er, fortset eg å kalla dei geranium........
Ei heile veke sidan siste innlegg..........hm......går visst feil veg, detta.........

God helg til deg!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...