torsdag 29. april 2010

Eliasgensaren.........

...er (omsider) ferdig......har teke tid, detta...men so har det vore litt av ein jobb òg.Trur aldri eg har strikka noko plagg med so mykje "etterarbeid", dvs. brodering....alt det raude, grøne, gule og svarte er brodert......
Men det gjekk eigenteleg over all forventning....og no er eg godt nøgd med resultatet.
Vårt yngste barnebarn stiller her velvillig opp som modell.........ser ut som ho likte det oppdraget. Ei nabojente skal ha gensaren............håpar dei vert fornøgde der i huset òg....







God helg, folkens!!!!

lørdag 24. april 2010

tirsdag 20. april 2010

Livet i floren.....

Me kan trygt sei at i floren er det eit yrande liv om dagane....og nettene for den del........


...det rett og slett "aular" med lam.....og bonden har full jobb med å flytte sauer/lam "hit og dit"..........i denne tida er floren sjølvsagt altfor liten.....og kreative løysingar må til.

Mange søte små....





Nokon treng litt ekstra i starten....

No ventar me på varmare vèr....so det vert grønt gras litt kvikt....

fredag 16. april 2010

Kulturstipend.....

I dag vil eg rope høgt HURRA for Sparebank 1 Hardanger............dei har nemleg hatt utdeling av kulturstipend i kveld.............og Børgeguten vår som er musikkstudent i Oslo fekk heile 50000,. kroner.......fantastisk, rett og slett!

Som takk måtte han bidra med eit stykke på trompet: Ved Rondane, av Grieg......vemodig vakkert....

Tenk.....dette er ein stor sum pengar, og kjem godt med for ein student..........(ein ny trompet er allereie kjøpt inn....).....kjøpt då han var på turnè i Japan i påska......med Ung Symfoni....

Me foreldre var invitert med på utdelinga og middag på Park Hotell.......ein super kveld.....
God Helg!

onsdag 14. april 2010

Strikkemaskin.....

.....er kome i hus.........og kanskje eg har fått meg ein ny hobby?
Det har vore i tankane av og til.....at ei strikkemaskin hadde vore kjekt å ha......det som "utløyste" det heile, var ei annonse i lokalavisa;"Strikkemaskin til salgs".......MEN....det var ikkje so enkelt, nei.


Fekk ikkje noko svar når eg ringde (mange gonger)......men eg VILLE ha NO..... tok eg ein telefon til systra mi der oppe i Nordfjord......for ho hadde ei strikkemaskin ståande på loftet (og der har den stått lenge...) det visste eg.....og den kunne eg få låne......tusen takk!Enden på visa vart at eg tok bussen nordover og henta maskina.....foresten ein super måte å reise på...med buss.....eg strikka, drakk kaffi og riktig storkosa meg heile vegen.


Nokon dagar seinare fekk eg besøk av ei veninne (og tidligare nabo) som er ei erfaren maskinstrikkerske......og dyktig i "faget"..............
.....no er eg i gang......dvs. har ikkje akkurat vore vèr til å sitte inne med slikt no i det siste........men når det vert dårleg vèr..DÅ........

Resultat so langt: Mange prøvelappar, 1/2 ullbukse og eit par sokkar.....


Har ikkje so kjempestore ambisjonar , men håpar at eg skal strikke litt ullbukser og andre "enkle" ting.....
Heilt sikkert andre bloggdamer som strikkar på maskin......gjer du? eller kjenner du nokon? Glad for tips!
Ha ein fortreffeleg onsdagskveld!

mandag 12. april 2010

"Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn"...

.....blant anna mengder med sand som er brøytt utom vegen ilag med snø i løpet av vinteren....



Dei tre oppå muren er "med" når det skjer noko ute.....


I det fine vèret i dag var det på tide å ta fatt på jobben å få det "på plass" igjen.




Enkel reiskap.......ei "grapse" og ei skuffe til å bere sand i..........trillebår funkar ikkje den bratte bakken.....



Jobben er gjort....på dette området......grått endå, men no kan iallfall graset vekse.........
Mykje gjenstår......håpar på fint vèr lenge..........

fredag 9. april 2010

Nyinvestering.......

Maskinparken i sandkassen er vorte skikkeleg fornya i vår............noko me har snakka om lenge, fleire år faktisk. Kvar gong nokon av barnebarna har vore på besøk og ville leike i sanden, har me "uffa oss" over dei skrale (les:sunde) leikene......so då bonden og eg var i Åsane sist, tok me ein tur innom Toysurus......og slo oss riktig laus...

I dag då eg hadde besøk av to kjekke gutar, vart leikene pakka opp og "innvia"........til stor jubel......

Tinka vil òg vere med på dette....



Berre sovidt me hadde tid å ta lunchpause.........

God fredagskveld!

torsdag 8. april 2010

SVUSJ.....

......og so var det gått mange dagar sidan eg laga innlegg.
Tida vil liksom ikkje strekkje til.............til alt eg har lyst å gjere.....eit kjent fenomen, vil eg tru....
I dag skal eg vise deg kva eg fekk i posten ei tid før påske, etter at eg melde meg på Pay it forward hjå Ruth med bloggen Ullhedina.......fine rosa ullsokkar, pulsvarmarar.....osv.......sjokolade med chili var nytt for meg. Bonden som er svært glad i sjokolade var ein tanke skeptisk, men den fall i smak.

Tusen takk Ruth.......for fine gåver.

Neste gong er det min tur å lage til konkurranse...........men eg har litt tid på meg, skjønar eg..........

Sidan det allereie er torsdag, seier eg like godt:God helg!

lørdag 3. april 2010

Sola kom i dag.........

Etter ei heller grå og våt påske so langt, kom endeleg sola fram i dag............det veit me å setje pris på.

Og når temperaturen er sopass at det går an å sitje ute.......med kaffi....litt godis.....

...og strikketøyet, då kan ein vel knapt bedre ha det............

Påska har vore særdeles roleg i heimen.......med berre bonden og kona heime.
Men i morgon kjem "alle våre" til middag..(minus eldste son, som er på jobb ute på havet....... og yngste, som er på speling i Tokyo...).... .då vert det litt meir "liv i leiren"...gler meg til det...........
Må snart førebu litt , men trur eg sit ute ei stund til.....
Ei retteleg god påske vidare til alle!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...