torsdag 31. desember 2009

Takk for i år!

Eit år går mot slutten...og det er alltid litt vemodig. Ein tenkjer både på året som er gått...og det som kjem....både med sorger og gleder.
Begge deler har det vore...og begge deler kjem, det veit me.
I morgon på nyårsaftan vert det fyrst nokon timar på jobb..........og i sekstida i morgon kveld er det pinnakjøt og moltekrem på menyen.......same procedure as every year.
Klokka 23.15 går me på midnattsmesse i kyrkja.......ein fin tradisjon, det òg.
Bildet under tok eg no ved midnatt..........so fint månelys om kveldane no, i morgon er det fullmåne.
Men i natt er det 17 kuldegrader.....det er nett nok, synest me.

Vil takke alle gode bloggvener for eit supert bloggeår, takk for all inspirasjon de gjev, takk for alt de deler so raust..........håpar at eg i 2010 kan treffe fleire bloggedamer "live".......
Takk òg til deg som er innom uten å legge att kommentar.......veit ikkje kven du er...men veit at du er innom.....det viser tala på besøkjande.
Godt nytt år til deko alle!

mandag 28. desember 2009

Vèrrapport..

Er ei enkel sak å rapportere om vèret i desse dagar: snø...snø...snø..
Er fleire år sidan me har hatt dei mengder me har no........og meir skal det bli........bonden har full jobb med å halde vegen open.

Dei to på benken har vore nedsnøa opptil fleire gonger siste dagane......

Teddy og Tinka speidar etter bonden som er på brøyting, medan Lussi som vanleg er mest oppteken av kamera.

Og i kveld snøar det att...........

God mandagskveld!

lørdag 26. desember 2009

Romjul.

Då er me allereie komne til andredagen.......og for min del er det i dag eg senkar skuldrane og roar heilt ned. Den tradisjonelle julemiddagen med heile familien er alltid fyrste juledagen. Med 20 gjester til bords er det ein heller travel dag....men du so kjekt.
I dag har me vore til julefrukost hjå son og svigerdotter, kjekt å gå til "duk og dekka bord", som det heiter........koseleg!
Mange gilde gåver fekk me til jul i år òg.......bøker, musikk og mykje meir.
Denne flotte løparen fekk eg hjå svigerinne og svoger......nydeleg!!

Ynskjer deko alle ei god og glad romjul !

torsdag 24. desember 2009

God jol!

So kom me jammen i mål i år òg...........og jolefreden har senka seg.
Det er langt på natt allereie...og eg burde lagt meg for lenge sidan..........men her sit eg........og nyt freden og roen.


Med eit stemningsbilde utafor døra vår i kveld ynskjer eg deko alle ei
God og fredfull jol!

tirsdag 22. desember 2009

Å lage eit etasjefat...

Fekk det plutseleg for meg her ein dag at eg skulle hatt eit etasjefat til å ha dei sju sortane julekaker på. Leitte litt, men fann ikkje noko eg var for nøgd med.
Etter litt søking fann eg fleire bloggar med "etasjefatbyggarar" og dermed var idèen der......kvifor ikkje lage eit sjølv?


Fat og glas vart funne fram...vurderte...set tilbake....nye fram...vurderte.......til eg hadde nokon eg ville bruke....

Mannen på "limbutikken" anbefalte denne tokomponentlimen til arbeidet........og bonden melde seg straks til "limesjef"......han ville nok vere heilt sikkert på at det vart beint. Eg er nemleg heilt elendig på slike ting som skal vere beine, det vere seg skruing, liming osv..........
Og når han i tillegg er ekstremt nøyen på slike ting (trur eg må sei det slik)...er det vorte slik at han ser si oppgåve der.....

Arbeidet må føregå i etappar.....her er fyrste...rett etter frukost i dag.



Ferdig resultat.......vert kjekt å fylle det med kaker.........du skal få sjå det òg.


Her skal skal siste resten av julevask gjerast unna.....og so skal me pynte.
God kveld!

søndag 20. desember 2009

Jul i Skomaker(Evanger-)gata.

Det har vorte lange mellom innlegga i det siste....noko som sjølvsagt skuldast travle tider.
Med litt meir enn full jobb, "litt" å gjere heime,litt dugnad osv. har blogginga kome i bakgrunnen.........har ikkje fått besøkt deko mine gode bloggvener heller, håpar det er eit forbigåande "fenomen".
I kveld har me vore på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja vår, vakker som alltid..........so no er julestemninga "i boks".
Etter konserten måtte eg ta nokon bilder frå gato.........som no minner endå meir om Skomakergata....etter snøfallet siste dagane.
Dette bildet er teke frå kyrkjetrappa......


Det gamle kommunehuset (Evanger var eigen kommune fram til 1964, då det vart slege saman med Voss). Framfor kommunehuset står bautaen over Knute Nelson...bygda sin store son, som utvandra til Amerika saman med mor si i 1849 og vart guvernør i Minnesota og seinare senator.


I 1923 brann alle husa i sentrum (berre kyrkja stod att)..........dei vart difor bygde opp att i same stilen.
I
I kveld skal resten av juleposten gjerast ferdig, og sendast i morgon.........føler meg trygg på at posten får det fram til jul. 1 kveld att på jobb...so tek eg juleferie.
Bonden og Børge skal til skogs etter juletre i morgon.....vert ikkje noko lett oppgåve med all snøen som er kome.........
Ha fine førjulsdagar!

tirsdag 15. desember 2009

Ein fin, gammal skjenk...

Har lenge vore på utkikk etter ein gammal skjenk......og tidligare i haust var verkeleg lukka med meg. For sjå berre her kva eg fann på Fretex.......truleg frå 50-talet eller noko slikt.
DET flotte møbelet...akkurat noko slikt eg hadde tenkt meg........hadde utruleg flaks , synest eg.
Her var det berre å slå til med ein gong.........


Skuffer til bestikk...


Bonden, som ikkje alltid er like entusiastisk når det gjeld mine bruktfunn....likte òg denne......og dermed vart gleda endå større.......
God tysdagskveld!!

fredag 11. desember 2009

No er eg ferdig.....

....med juleførebuingar?

Ånei, med bestillingane eg hadde etter julemessa.........resten skal bli levert over helga, det skal bli bra....





Med det som skal gjerast i heimen er eg knapt nok komen i gong........men hadde ein særs effektiv dag på julehandel i går......kom langt nedover lista (listene)....får nemleg ynskjelister frå "ungane" m/familie..og det gjer det heile noko enklare.....


I morgon vert det baking....før eg skal på jobb..........
Pyntinga gjer me siste par dagane før jul.........slik har det alltid vore, og slik vert det i år òg....her hjå oss.
Trur me er i rute, eg.......
God helg til alle!!

tirsdag 8. desember 2009

Eit "bestillingsverk" er ferdig.......

Då eg var på messe for eit par veker sidan hadde eg med ein liknande trespade som denne.........eg selde den ganske tidleg, men sidan den vart ståande hjå meg heile helga var det fleire (mange) som ville kjøpe den.....

To liknande spadar var påbegynt....og i ein "svak augneblink" lova eg å måle dei ferdige.......sjølvsagt kjekt når eg veit at eg har kjøpar, sjølv om det er ganskje "tungt" å kome igang igjen etter messe........




Med eit nyrydda arbeidsrom og julemusikk på spelaren var det rett og slett kjekt å ta fram målesakene i dag.........og no er den eine spaden ferdig....Hurra for det!!


Satsar på få den siste ferdig i morgon.....
God kveld!

søndag 6. desember 2009

Sundag 6.desember 2009.

Sundagen er nesten til ende......ein lang, god dag.
Det har vore julemarknad...med julegrantenning i den vesle bygda vår.
Tradisjonen tru var her varer for salg....ymse handarbeid.....mat og drikke osv.
I bedehuskjellaren hadde kvinne- og familelaget kafè.....der eg stilte meg til disposisjon som vaffelsteikar eit par timar....kjekt å kunne bidra med litt dugnadsarbeid........

Patina hadde ope...og hadde pynta so fint med lysande hjarte på veggen......

Frå eit langtfrå fulltallig musikklag fekk me vakre juletonar......


"Skomakargatestemning"
Etter nokon timar i Gato var det berre "heim og snu"......og deretter på konsert.......
Mozart's Requiem for solistar, kor og orkester stod på programmet bl.a...
Fire flinke solistar.....

.....eit kor på 90 songarar og det lokale symfoniorkesteret Fossegrimen gjorde dette til ei flott oppleving.

På bakerste rekkje i orkesteret ser du Børge på trompet...og bonden på trombone.....( bak fagottane..)

Dagen vart avslutta med eit godt måltid på Cafè Stationen..............

Som sagt :ein god dag.....ein slik dag som gjev energi ........til å ta fatt på ei ny, travel veke....
God natt!

fredag 4. desember 2009

Ryddesjau....

Når produksjonen er avslutta og eg reiser på messe, pleier det vere komplett kaos på arbeidsrommet mitt..........har ikkje tid til å rydde ting på plass.......alt flyt......og det pleier gå nokon dagar før eg har ork til å ta fatt på rotet.
I føremiddag var eg klar......og no er det so reint og ryddig at det er beint triveleg å gå inn der. I ein svak augneblink på messa lovde eg å måle eit par ting med nisse på......og dei bør eg vel kome igong med snart.......dessutan lage ein dekorasjon.
Med ryddig arbeidsrom, julemusikk og kaffi skal nok det gå fint.....

Tenkte eg skulle vise deg den fine broderte nåleputa som eg har fått av svigerinne Reidun.....det er dama si som kan brodere.......

Hjå meg står denne berre til pynt...aldri om eg kjem til å setje ei nål i den...

Ha ei triveleg helg i vente!
Hjå meg vert den travel......det vert den kanskje hjå deg òg?

onsdag 2. desember 2009

Børge sin adventskalendar.......

er komen på veggen........og jammen vert det meir so eit gjenbruksinnlegg i dag òg.....iallfall er den laga av ei gamal vindaugsramme eg fann...........
I snikkarbua saga eg til ei plate, måla eit fjøsmotiv på og festa inni.......

Kanskje nokon meiner det er på tide å slutte med adventskalendat når ein er 19 år......?
Men eg synest det er koseleg å lage til.....og jammen trur eg guten set pris på det òg......
Innhaldet i pakkane er noko nyttig og noko det motsette..........

God onsdagskveld!

mandag 30. november 2009

Gjenbruk.

Roen har atter senka seg overt Trollkåneheimen......alle dei 5 små (og halvstore) er reist heim att.......dei to minste leverte eg i barnehagen i dag tidleg. Ei travel og kjekk helg har det vore og me er fullt klar over kor heldige me er som har "alle våre" buande i bygda her.
I går føremiddag måtte me ut og lufte oss litt...og medan besten var heime og steikte vafler, gjekk me andre på skogstur (uten kamera..) for å samle mose, kvist og kvast til utepynting.........men kva skulle me ha pynten i?
Jau, den gamle utrangerte kulegrillen skulle passe ypparleg til formålet.......jammen godt den ikkje har vorte kasta.

So med ymse frå naturen, lys i glas og eit par dompappar vart det riktig so koseleg utfor døra.....

I dag er Oslostudenten komen heim på juleferie.............undervisninga er avslutta....og øve på trompeten tre-fire timar for dagen kan han gjere heime......kjekt!
Ha ei fin fyrste adventveke alle saman!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...