Viser innlegg med etiketten Strikking/toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking/toving. Vis alle innlegg

fredag 1. april 2011

Resteskål.....

.....av garnrestane etter påskehanane. Strikka, og tova på 60 grader, passar fint påskegodteri....... Her ser du snøhaugen som ligg att nedom huset, her hakkar eg litt laust kvar dag.....vil gjerne ha den vekk, so eg kan få sett opp paviljongen til påske. Rundt om på bøen ligg det ein god del snø endå......men i morgon er det meldt regn og 13 plussgrader, so då blir det nok storsmelting..............kryssar fingrar for at det ikkje går utover veg og tun (igjen). Ha ei superfin helg alle!

onsdag 30. mars 2011

Tre hanar og to hundar......

Siste dagane har det vore strikking og toving på programmet i ledige stunder...........synest desse påskehanane var so koselege. ........ I dag var det tid for fotografering ...........med Lussi og Tinka som litt motvillige modellar....... Den minste er strikka etter mønsteret...i Fritidsgarn. Seinare forstørra eg dei opp, og dei to andre er strikka i Iglo........frå Trysil garn . I dag skin sola......ein nydeleg dag...og eg har FRI!!!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...