mandag 29. mars 2010

Påskegrill!

Den gamle kulegrillen som me hadde førjulspynta i desember, er i dag gjort om til påskegrill............med påskeliljer, lys og eit par påskeharar..........(eller kanskje det er kaniner?)


Ynskjer alle deko som er innom ei riktig god påskehelg!

torsdag 25. mars 2010

Om å "ta seg vatn over hovudet"......

Lurer verkeleg på om det er akkurat det eg har gjort......når eg tok på meg å strikke ein "Eliasgensar". I "lykkerusen" over alt det positive ang babysettet eg strikka.......lova eg å strikke denne. Har i ettertid lurt på om eg var det ein kallar "bevistlaus i gjerningsøyeblikket" då eg sa ja..............eller om det var ein augneblink med overmot......

På sjølve båten er det masse brodering..........hm........

Som du ser er eg godt igang......ferdig med fyrste ermet........halvferdig med andre........

..berre resten att.......og kjekt er det...(so langt)...
Me sjåast!

mandag 22. mars 2010

Har du sett maken.......

....til fine sokkar?
Desse kom i posten før helga........frå den før omtalte strikkeglade systera mi....denne gongen som "påskjønning" etter at eg sende ho ein del mønster til strikkasokkar.
Slik sett kan du sei det kjem som resultat av min samlemani..............kastar ikkje mønster, eg....sjølv om sjangsen for at dei blir brukt (av meg) er heller liten.
Kjekt då, at dei kan kome til nytte hjå andre........

Og sokkane er superfine!!!
Tusen takk!


I dag har det vore riktig fint ute........med mange plussgrader...og litt sol.
Det vårast, folkens!

lørdag 20. mars 2010

Naturkrefter......

Slik kan det gå når veggrøftene er fyllte med is og snø......og det kjem stor mengder regn. Slett ikkje uvanleg i dei bratte bakkane våre, dette ........(hadde visst eit liknande innlegg i fjor vinter):

I går kveld skjedde det igjen..............dei store vassmengdene fann det for godt å finne seg veg "midt i vegen".

Resultatet ser du her...........heldigvis hadde bonden oppdaga det før eg kom heim frå jobb, og då var det berre å utruste seg med regnklè og lommelykt...og ta beina fatt.

I dag er det bestilt store mengder grus.............

Ein nabo med gravemaskin kjem vel med......

Sjølv om det er mykje jobb å få vegen i stand igjen, er det vel småtteri i høve til det mange opplever i desse tider ...og må flytte frå hus og heim pga ras eller rasfare......
Ynskjer deko alle ei god helg!

onsdag 17. mars 2010

Feerdiiig!!

Ikkje akkurat noko storarbeid eg er ferdig med, då............men desse pulsvarmarane som dotter mi ynskte seg. .......det lir vel so langt på vinteren at behovet for slike minkar no ........men, men...det kan kome fleire av same slaget.

Strikka i alpaca...og mønster frå Drops Design.......

Kjekt å strikke slike små ting....


Men det neste eg skal begynne på....DET er ikkje noko småtteri, skal eg sei deko......iallfall for meg..
Ha det fint so lenge!

mandag 15. mars 2010

På swingande Stilett.

FOR ein flott konsert eg fekk med meg på laurdag...........
desse flinke, flotte damene som har hatt stor suksess på Cafèteatret i Oslo med førestillinga "Vi har fått et nytt liv".......

...saman med musikklaget i bygda vår.........som spelte so det riktig swinga......



Eit skrytebilde må vel vere lov å ta med (har fått lov)..............tre av mine fire born. ....på kornett og flygelhorn......den fjerde er òg med, men han "gøymer" seg bak ein stor tuba.
I tillegg er bonden med+ei svigerdotter+svigersonen+tre barnebarn.....
..og ho mor er sjølvsagt umåteleg stolt over alle saman.......

Det var alt for i dag......
Ha ei fin veke!

fredag 12. mars 2010

Til ei lita jente.


Då er eg fiks ferdig med babyklea .........som eg skal gje til ei lita jente. Var kjekt å strikke slike plagg etter gamalt.......

Mønsteret er frå Drops Design.

Det neste på pinnane er pulsvarmarar.......til ei stor jente.

Eg har frihelg og i morgon skal eg til Dale....på dette:

Gler meg stort!
God helg til alle som kikkar inn0m til meg!

tirsdag 9. mars 2010

Til Anne Lise....

Sist laurdag passerte teljaren min 30000 besøkjande sidan den kom i gang........heilt enormt, spør du meg. Hadde eigentleg tenkt å la det heile gå forbi i det stille, men so skjedde det noko: Då det var att 3 før det runde talet vart passert fekk eg ein kommentar som påpeikte nettopp dette.....eg sat og tenkte på at det kunne vore kjekt å visst kven det var.............etter nokon minuttar tikka det ei melding inn på telefonen min som sa: "No vart eg gjest nr. 30000 hjå deg." Etter dette ombestemte eg meg brått, sjølvsagt måtte denne dama få ein liten ting..........
Ho er kollega frå mange år tilbake, er grådig glad i troll og har vore god kunde på mange messer eg har vore.......

So hei Anne Lise.....denne hesteskoen er allereie sendt i posten til deg.....du finn vel ein plass til den?

God tysdag kveld!

lørdag 6. mars 2010

Lite å melde......

..frå denne kanten...........men ynskje deko alle gode vener ei
Strålande helg, det kan eg iallfall.
Hjartans takk for alle koselege kommentarar de gledar meg med!!
Eg har jobbehelg....og dermed ingen skitur denne sundagen, men eg lever enno på den fine me hadde.........verre er det at eg går glipp av bursdagsfeiringa til ein kjekk gut som fyller 12 år i dag............
Har fleire handarbeidsprosjekt på gang...som snart er ferdige, dei kjem på bloggen litt etterkvart....
Ha det so bra alle og kos deko i helga!!

onsdag 3. mars 2010

Fine bok.

Detta er av dei bøkene eg IKKJE avbestilte i Hobbyklubben.......synest den såg so kjekk ut.......og det er den. Sikkert mange hekle-/strikkedamer som allereie har den...
Masse fint ein kan hekle/strikke...og bruke til pynt.......



Tja,ser verkeleg noko innfløkt, detta mønsteret..........satsar på at det går bra med litt øving.......


Må nok avgårde og kjøpe fleire fargar garn...............kanskje ein god anledning å få brukt litt restar, òg?

Freistande å begynne straks.....
Men fyrst må eg gjere ferdig eit par prosjekt....
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...