søndag 28. februar 2010

Silkeføre!


Endeleg klarde me å kome oss ut på ski i dag....fyrste turen i år ....i DET strålande vèret...heilt perfekt.
Dei tre firbeinte var elleville.......og alle fekk vere med.


Framme ved målet:Stølen

I full fart heim att.....

Ein vedunderleg vakker dag!
No er det tid for middag...og deretter godstolen....med pc...strikketøy.....5-mila...og eit ørlite glas rødvin attåt.....trur kvelden vert fin òg, eg!

torsdag 25. februar 2010

Snø og is all jorda gøymer......

Ca 80 cm snø er det hjå oss no...........eg har sjekka i dag. Etter det eg har sett på ymse bloggar, er det sikkert mange som har meir enn det. Og ein nydeleg vinter er det.......



Stilig lampen på løeveggen...litt snø på toppen og isjuklar under.......


Desse to er alltid "med" når kamera er i nærleiken...........ja, berre to i dag. Teddy har "husarrest".......forklaringa er at Tinka har løpetid.....og du kan tru det er "sirkus".
Hundane våre går vanlegvis fritt..inn og ut som dei vil, og no må dei passast på.....Teddy ute...Tinka inne....og omvendt......"problemet" er berre å hugse på det. So møtest dei i døra, då like "optimistiske" kvar gong......men vert fort kommandert "ut" eller "inn"..alt etter som......og Teddy er sur!!

Til slutt ein isvegg igjen.......tok bildet på veg til jobb i dag. Dette er den største og den er "farleg" nær vegbana når den begynne å rase ned.
Sist vinter fekk eg ødelagt eit dekk då eg køyrde inn i isklumpar...ein sein kveld....

I dag har eg kjøpt nye skisko og -stavar........til helga SKAL me på ski...og vèret skal bli strålande..........Hurra!

mandag 22. februar 2010

Småstrikk

Planen var å strikke eit par babysokkar...men no er det vorte tre par...so langt.For dette var kjekt.........og so er det ganske kjapt, då......

Ei enkel hue....

Modell for dagen er den gamle babydokka som har lege på loftet i godt over 20 år.Etter ein grundig vask og påkledd med skjorte og sparkebukse vart ho so fin at..... ....Ein liten defekt er godt skjult......


Detta var so kjekt at no er eg jammen meg begynt på jakke òg.....

Alle oppskriftene har eg funne hjå Drops Design........der er masse fint. Me rekk masse handarbeid endå....for denne vinteren vil vare lenge.........og skiturar òg.....den planlagde på sundag gjekk i vasken, gitt.

fredag 19. februar 2010

God helg!!

Med denne "veggen" av is ynskjer eg alle som er innom ei strålande helg!


Køyrer forbi mange slike på veg til jobb..............

På jobb i kveld og i morgon...sundag har eg fri...og håpar å få teke årets fyrste skitur.....
tida vil vise.........

tirsdag 16. februar 2010

Høne pøne........


Siste dagane har eg gått til "storaksjon" for å få rydda i stoff/garnlageret mitt.......
Kassar, sekker og posar er tømt, sortert og pakka i plastkasser. Tanken var å få redusert litt på det heile, men det gjekk dårleg, gitt......klarar ikkje kaste. Nei, då får eg heller prøve å bruke....og ikkje kjøpe nytt, vert vanskeleg nok, det.....


Hadde tenkt å få alt på plass i kassar idag....men då snille bonden ved frukosten i dag bemerka at eg såg trøtt ut (og eg måtte sei meg einig) føreslo han at eg skulle ta fri rydding og gjere akkurat det eg hadde lyst til i dag ..... då var vegen kort til arbeidsrommet (eg pleier høyre på han)... Fram med symaskin og skjæreutstyr....og so var eg igong......

Desse hønestoffa har eg samla gjennom mange år.......synest dei er so fine.......planen er å sy ein duk....med desse stoffa og eit gult evt brunt stoff i tillegg.
Trur det vert ein påskeduk.


Ha ein fin kveld alle!

lørdag 13. februar 2010

Gleda var stor...

..i går kveld då bonden kom heim frå HV-øving, ikkje minst blandt dei tre hundane.
Og det måtte mange, lange helsingsseremoniar til før dei roa seg.
Spesielt Teddy har vore i "dårleg humør" denne veka.....og ville helst ligge ute og speide nedover vegen..........

Og då sjefen kom ville jubelen ingen ende ta.........

Med heim hadde han denne flotte rosebuketten......eg er heilt sikker på at eg har fortent den.....etter ei travel veke med ansvar for "alt" heime, i tillegg til full jobb.



Og i dag fekk eg (endeleg) kaffi på senga att.......nydeleg!!(stritt å måtte stå opp og lage den sjølv kvar dag ) hm....
Ha ei fin helg,du!!!!!

onsdag 10. februar 2010

Pakke på pakke.......

Kan ikkje forstå anna enn at Posten må ha fått eit skikkeleg oppsving etter at blogginga "tok av"........synest eg les om pakkkar som fèr på kryss og tvers over heile landet........heile tida.
Sjølv har eg fått to berre siste veka.........
Den fyrste fekk eg frå Bodil..med bloggen Handarbeidsglede, der eg hadde flaks og vann desse flotte hakka gryteklutane.. Har hatt både sydde, strikka og hekla før, men aldri hakka.Tusen takk, Bodil!

Med den neste pakken kan eg vel òg sei at eg hadde flaks.......sjølv om eg ikkje melde meg på noko utlodning, akkurat..........fekk nemleg heilt uventa pakke med to par fine, gode sokkar.......denne gongen òg frå mi strikkeglade syster, mange takk til deg òg!! Faktisk måtte desse vere sende nett før trekkinga mi, der nettopp ho vann den eine tingen.
Det var kjekt!

Denne veka er slik "heimeåleineveke" for meg.......bonden er nok ein gong på HV-øving.
Sant å sei har eg liksom "skrudd" døgnet litt, om du forstår.
Med min jobb om kvelden der eg er heime att i 23-tida, vert florsstellet nødvendigvis noko seint..(les :midnatt og vel so det...).....og for at eg skal få "skjønnhetssøvnen" min har eg kobla ut alt som heiter alarm og vekkerklokke.......og søv litt frampå, for å sei det slik.. får lite ut av dagane, men slik må de vere.....

Ha det so bra alle!

søndag 7. februar 2010

Det er avgjort!!

Trekkinga har funne stad i kveld.....og resultatet er soleis:
Den fyrste eg trekte ut var: Laila med bloggen Stofftausa.......ei dyktig quiltedame. Tek du ein tur innom til henne får du sjå masse fint...
Nr. 2 vart Ingrid med bloggen Ingrids Ull og Tull.......ho er det eg vil kalle ei superstrikkedame, og til alt hell er ho veslesystera mi...so eg kan nyte godene av strikkinga hennar...og takk for det!
(Hm..namnet på bloggen vart borte..)..var no fint likevel...
Den tredje er dama med bloggen Alva's hobby......ho er kreativ og flink med mangt og mykje...og er rikeleg utstyrt med fantasi.....
Gratulera til deko!
Sender de ein mail med namn og adresse..(du Ingrid treng ikkje...)...er det pakke på veg ganske snart.....
Ha ei fin veke alle...det vert kaldt og fint!

torsdag 4. februar 2010

Fine vinterdagar og søte sokkar.

Fantastisk fine dagar me opplever for tida, noko liknande er vanskeleg å hugse....sjølvsagt kunne me klart oss med litt mindre kulde, men fint er det......
Vanlegvis tek eg bilder frå huset vårt og nedover....i dag rusla eg ned bakken og tok dei andre vegen......der oppe i det raude huset bur me........på solsida.


Etter nokon dagars pause er eg tilbake......ikkje so lenge sidan eg skreiv at blogginga er ein viktig og positiv av kvardagen min, og det meiner eg verkeleg. Etter at eg skreiv at eg var "tom og energilaus" har oppmuntrande kommentarar strøymd inn............gode, snille, kjekke bloggvener....de er fantastiske!!

So over til handarbeid.....etter nyttår har det mest vore sokkestrikking, men so vart eg dugeleg lei.....lite tolmodig der, ja.
Fann plutseleg ut at eg skulle strikke babysokkar...nærmast uten mål og meining....kom til å nemne det på Facebook....og kva skjer so? Jau, ei nabodame med baby ville gjerne legge inn bestilling.....
so kjekt.....då vart med eitt ei meinig med det.
Mønster til desse fann eg i Allers Julemagasin 2009.

Synest dei vart søte.....og no er eg igang med eit nytt par.

Torsdag allereie.......God helg!
Sundag er det trekking......av "jubileumslotteriet" mitt......
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...