fredag 31. desember 2010

TAKK for det gamle året......

...som nesten er slutt.
TAKK til alle som har vore innom bloggen min.........(ekstra takk til deg som la att ein kommentar)
TAKK for alle kjekke, oppmuntrande kommentarar........
TAKK for all inspirasjon.......
TAKK for alle nye "bekjentskap".........
Blogginga gjev meg utruleg mykje glede............nettopp på grunn av deko......
Hjå oss er det snøvèr idag, som no er gått over i regn........og i kveld vert det storm........
Gjorde det enkelt med bilde i dag...rett utom døre.....rista snøen av utenissane og kommenderts Tinka og Lussi på plass......




Her vert det ei særdeles roleg nyttårsfeiring i kveld..................og i morgon er fullt hus igjen......
Godt nytt år alle gode vener!
So bloggar me vel vidare i det nye året?

onsdag 29. desember 2010

Ein heimelaga jolepresang......

Denne sydde eg til ei ung dame som me er so heldige å ha blitt kjende med.
Ho er glad i å strikke, og ein pose til strikketøyet tenkte eg kunne vere lurt.
Laga foresten fleire presangar...både sydde og strikka...men i "kampens hete" vart dei ikkje fotograferte, desverre......

Håpar de alle har ei fin romjol...........eg er på jobb i kveld, og so skal eg ha fri til mandag ettermiddag.......nydeleg!

lørdag 25. desember 2010

Same procedure as last year.......

....nemleg middagen på fyrste dag jol. Då inviterer me barn, svigerbarn, barnebarn, bestemor, tanter og onklar.......25 i talet. Me står på frå morgon til kveld........ Kåno lagar mat...og bonden serverer.......og menyen er fast: ribbe m/tibehør, og fruktlapskaus m/krem til dessert............og etterpå snakkar me om kor uendeleg heldige me er som har so mange å invitere..


Er visst meir som er "fast", når eg ser bilde frå tidligare år................



I morgon er me invitert bort på middag.....det gler me oss til.


No er det beina "på bordet" og avslapping.
Ha ei god romjol!

fredag 24. desember 2010

God jol!

Då er me klar for jolefeiring.......treet er pynta, pynten på plass, "matlageret" fyllt opp osv.

Ynsker deko alle gode bloggvener ei retteleg god jol!

søndag 19. desember 2010

Nissemor skal reise til Sogn.

det var nemleg Linda med bloggen lindastrikkerier som vart trekt ut....bonden har trekt. No må eg berre få adressen, so skal nissemor pakkast og sendast so fort so mogleg. Linda har fleire av mine nissar frå før, og soleis kjem denne til "kjende".

Tusen takk til alle som deltok.....heile 69 pers..........fantastisk!
Ha ei god siste førjulveke alle!

torsdag 16. desember 2010

Islykter......i ymse variantar.

Det er iallfall ein ting kulden den siste tida har ført til: gode forhold for å lage islykter.........noko eg ser mange andre bloggarar har gjort òg.......
I den rosa har eg blanda i litt konditorfarga, hadde håpa den skulle bli litt raudare........ men dei er små dei glasa med farge......


Litt granbar og kongler til pynt......

Denne er stor........her har eg brukt ein plaststamp......med mønster på utsida.......
Ser ikkje ut til at kulden slepp taket, so det er berre å setje igong..........

lørdag 11. desember 2010

Vil du ha nissemor?

Føremiddagen i dag har vore brukt til å gjere ferdig nissemor.

Fornuften tilsa at eg burde heller vaske, bake, kjøpe jolegåver...eller liknande syslar. Men i dag seira ikkje fornuften...ikkje heilt uvanleg, det.
Denne nissemora har eg lyst å gje til ein av deko som besøkjer bloggen min, rett og slett fordi eg set so umåteleg stor pris på deko.......
Eg sender ho kor i verda det måtte bli.......(håpar eg ikkje tek munnen for full no....).

Berre legg att ein kommentar på dette innlegget, so er du med i trekkinga.........og du treng ikkje ha blogg, berre skriv det du vil og kryss for anonym......men sjølvsagt kjekt å vete kven som er innom.....

Nissemor er ca 38 cm høg (sitjande......til toppen av hua..) Ho har strømpebuksefjes....strikka/tova kle.(kjole i ullfilt..)....

For å vere sikker på at pakken kjem fram til jol, set eg fristen til sundag 19.des kl 20.00.(Sikker kan ein vel aldri vere ang. posten, men...)
God sundag i vente!
Ei lita tilføying:Dersom nissemor skal langt avgarde, kjem ho vel knapt nok fram TIL jol, men heller I jola..........ellers får trøysta vere at jola varer heilt til påske!!!

lørdag 4. desember 2010

Jolemarknad, jolegrantenning og kunst.....i gato vår.

Ein lang dag vart det.......frå me nemda var igang tidleg på dag...og til ryddinga var ferdig...... og eg hadde teke ein tur rundt i bygda med gevinstar til folk, meir so ein jolenisse følte eg meg i kveld. Ein koseleg dag...........med masse folk.Her er berre eit lite utvalg av det som var til salgs...

Utpå ettermiddagen vart jolegrana kveikt...........musikantane fraus i dag....og det same gjorde instrumenta......




Ikkje kvardagskost med kunstutstilling her i bygda.....men i dag fekk me oppleve det.

Tidligare i haust flytta kunstnaren Mona Nordås til bygda.............og i dag opna ho utstillinga "En anelse rødt"...saman med Kjell-Erik Ruud..I eit av romma i huset ho har kjøpt her, er absolutt alt måla raudt......og me fekk høyre historia om Julie Røed.



I samband med utstillinga har det siste dagane (og faktisk nettene) vore fleire "stunt" på jernbanestasjonen, der folk er oppfordra til å kle seg i raudt og stå der på rekke og rad idet toget passerer. Fleire og fleire har teke oppfordringa.......og i ettermiddag var det riktig mange
Neste performance vert ca klokka 24.00.......tenkte eg skal vere med då.

So reiser du med toget Oslo- Bergen ...nett kikk ut når det passerer Evanger......kanskje står det ei lang rad med raudkledde vassvøringar der.


No er det godstolen...med beina høgt.......jammen trur eg at eg fortener eit glas raudvin i kveld.

God sundag i vente!

tirsdag 30. november 2010

Bjørkekrans, gammal stige....fuglemat...osv....

.... møter deg ved inngangsdøra vår.
Stigen er langt frå "trygg" lenger, men eg tenkte at den framleis kan gjere litt nytte for seg her.

Kransen av bjørk laga eg i går........etter "oppskrift" som eg fann eg hjå Atelier Kari , til og med ein video er der.......og enkel var den....pynta den litt med kongler, ei sløyfe av strie og ein fugl.

Og so må me tenkje litt på småfuglane i desse kalde tider........smelta fett iblanda frø, turka brød og osv......ogso her inspirert av ein blogg.....Sjarmerende jul...........er so utruleg masse fint å finne i denne bloggverda......og so inspirerande....får lyst å prøve "alt"...........nesten.

Med lykter innimellom pyntar det litt opp no i adventstida............medan me ventar......



God tirsdag!

søndag 28. november 2010

I det gamle røykjehuset......


...heng den gode maten på "rekke og rad", pinnasider, smalahòve, spekjekjøt osv.........
Handverket med å slakte, tilreie, salte og røykje kjøt har bonden lært av far sin...........ein tradisjon det er viktig å ta vare på.

Det er fullt under taket ...noko fleire i familien skal nyte godt av..........

Sjølvsagt kan ikkje det ein får kjøpt på butikken måle seg i smak og kvalitet!



God sundag til alle!

lørdag 27. november 2010

Hjort.......

Ein dag denne veka var eg invitert til lunch på Patina.........av ei god veninne.
Maten smakte som vanleg fortreffeleg.......og akkurat den dagen dreiv damene og pakka ut nye varer....bl.anna denne hjorten.
Eg måtte berre sikre meg eit eksemplar........synest den er so flott.


Hadde tenkt på eit lengre innlegg i kveld, men det får vente....for no skal bonden og kåno ut å ha ein bedre middag , på restaurant Elysèe........Park Hotel.Det er stas!

God sundag i vente!

tirsdag 23. november 2010

Plutseleg tilbake.......

...etter ei veke uten eit einaste innlegg. Veka har vore styggtravel, men slik er det alltid i "messesesongen". Og FOR ei helg det vart, med messe fredag kveld, laurdag og sundag. Nedpakkejobben sundag kveld vart ganske enkel........det meste av tinga mine vart selt i løpet av helga........og eg er sjølvsagt svært fornøgd.
Fekk endåtil omtale i lokalavisa i dag....(orsak dårleg kvalitet....å ta bilde av bilde er vel sjeldan vellukka.......men det var det enklaste i dag).


Fekk endå til bestilling på nokon nissar som eg er i gang med..........
Ha det so bra, du!

tirsdag 16. november 2010

Ein liten rapport......

....frå helgas husflidsmesse.
Her ser du deler av standen min..........salget var sånn "midt på treet" for min del, men veldig kjekt å kome på ein ny plass.

Denne veka driv eg og gjer ferdig ting som eg gjerne vil ha med til neste messe, som er no til helga. Den er open både fredag(kveld), laurdag og sundag. Då gjeld det å ha nok varer..........

God tirsdag!

fredag 12. november 2010

Nett som det pleier.......

......eg meiner : skal på messe i morgon, er på jobb, kjem seint heim i kveld, OG er ikkje ferdig med prising, pakking osv.
Må nok bruke nokon nattetimar for å kome i havn, og det er heilt vanleg. Må starte halv åtte i morgon tidleg, har heldigvis hjelp av mi snille dotter til å få klar standen, og det skal me helst klare på ein time.........jaja.
Engleorkesteret av typen dorullengel er iallfall klart..........
Kjempespent på morgondagen, gler meg.
Ha ein fin helg alle, er truleg tilbake med rapport om ikkje lenge!
Ps. Pleier selje bra på messer, får håpe det er som vanleg , det òg, då.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...