..heitte ein film på 90-talet, og nett det er eg denne veka....
som eg skreiv i forrige innlegg, er bonden på HV-øving....og eg styrer heime.
Vel åleine og åleine, fru Blom........med desse tre kompisane.....
og floren full av desse har eg verken kjeda meg eller vore einsam.
Dessutan bur mi gamle svigermor i det andre huset på garden, og ho treng litt tilsyn og omsut, ho òg.Bortsett frå florsstell og jobb kvar kveld har eg brukt tida til messeproduksjon...........sjølvsagt ikkje fått gjort so mykje som eg hadde håpa, men det monar...........tida eg har brukt til å lage mat har vore minimal.....hadde gode restar etter selskapet på laurdag...og ellers held det lenge med ei brødskive.
Hundane saknar bonden, og er litt meir urolege enn vanleg.......saknar han eg òg......men ikkje so gale at eg set meg på trappa og uler...som Tinka gjer.
Ha ein super torsdagkveld!