lørdag 31. oktober 2009

Brukt'n....

..opna på Voss i dag. Berre flaks at eg klarde besøkja den på opningsdagen. Kjøpte nemleg laurdagsavisa etter jobb i går kveld.........og var difor orientert.
I dag begynte eg på jobb klokka elleve.......og dermed klaffa det.......etter litt leiting fann eg butikken, men då hadde eg berre 20 minutt å "gjere det" på....men du hendelse kva eg klarde å raske ihop på den tida.

Blant anna dette syskrinet.....gammalt og slite, mangla alle knottane.....men finn eg syskrin berre MÅ eg ha dei............kor skal det ende??

2 skuffer med innhald.


Ei stor skuffe under...til strikketøy?

Eg skal pusse det opp..kjøpe nye knottar og skifte ut stoffet....skal bli so fint atte`......
100 kr betalte eg for det...eit kupp spør du meg!!
MEN: Går det an å samle på syskrin?
Ha ei god helg, du!!!!

torsdag 29. oktober 2009

"ALENE HJEMME"....

..heitte ein film på 90-talet, og nett det er eg denne veka....
som eg skreiv i forrige innlegg, er bonden på HV-øving....og eg styrer heime.
Vel åleine og åleine, fru Blom........med desse tre kompisane.....
og floren full av desse har eg verken kjeda meg eller vore einsam.

Dessutan bur mi gamle svigermor i det andre huset på garden, og ho treng litt tilsyn og omsut, ho òg.
Bortsett frå florsstell og jobb kvar kveld har eg brukt tida til messeproduksjon...........sjølvsagt ikkje fått gjort so mykje som eg hadde håpa, men det monar...........tida eg har brukt til å lage mat har vore minimal.....hadde gode restar etter selskapet på laurdag...og ellers held det lenge med ei brødskive.
Hundane saknar bonden, og er litt meir urolege enn vanleg.......saknar han eg òg......men ikkje so gale at eg set meg på trappa og uler...som Tinka gjer.
Ha ein super torsdagkveld!

tirsdag 27. oktober 2009

Ein god idè.....

...til bordpynt.
Nei, det er ikkje min idè......fann den hjå Unni, som igjen hadde funne den her.
Dekorasjonen er samansett av lønneblad og er særdeles enkel å lage.......
Idèen kom som bestilt.....til selskapet eg skulle lage til på laurdag.
Lite og inkje att av hageblomane, og so synest eg det so fint å kunne finne noko ute i naturen, i staden for å kjøpe blomar.


Ein liten dekorasjon med tre "roser"......

..og ein litt større.....


Enkelt og utruleg dekorativt!


lørdag 24. oktober 2009

Dagens overrasking......

Då var familieselskapet over og alle er reist kvar til sitt. Kan røpe at det er bonden sin 60-årsdag me har feira......dagen er neste veke, men i morgon trekkjer han i kongen klær og reiser på HV-øving. ( Etter alderen kunne han slutta i forsvaret for mange år sidan, men dette er noko han brenn for).
Dermed passa det best med feiring i dag.
Ein kjekk dag med våre nærmaste har det vore....no er det beina på bordet og pc'en på fanget........
Du hendelse for ein presang han fekk( frå born, svigerborn, barneborn og syskjen m/familie) :
Tur til London i januar...og kåno skal få vere med!


Dette flotte kortet har dottera vår laga....her er billettar... til fly/hotell og buss/T-bane dei dagane me er der. Og i tillegg billettar til Les Miserables....fantastisk.

Eit visdomsord er med òg......

Me har ikkje vore i England før...og gler oss som ungar.


Ha ein god sundag!

torsdag 22. oktober 2009

Sirkus og selskap

Komen nett innom døra på Amfi i dag, oppdaga eg denne koselege gjengen, nemleg Cirkus Osmondo. Flaks at eg hadde kameraet med meg i bilen.......
Denne veka har mest gått med til førebuing av familieselskap på laurdag, og det har vorte lite med både messeproduksjon og blogging.
Anledningen for selskapet er ein dag me skal feire, men hovedpersonen synest slett ikkje det er noko å feire, og dermed seier me ikkje meir om det.
Iallfall har det vore travelt med rydding, vasking, baking og "styring"....men eg synest det er so kjekt med slikt "styr".......Vesleguten kjem heim frå Oslo, det vert koseleg....

Tilbake til sirkuset......ein koseleg klovn,ein fin, kvit hund, ein liten gris......og to høner......

såg ut som dei kosa seg, alle fire.



Ha ein fin torsdag kveld...og sidan det ikkje kjem meir frå denne kanten fyrste dagane seier eg like godt: God helg!

søndag 18. oktober 2009

Sauer og hundar....

I kveld er sauene komne i hus for vinteren.......alltid litt vemodig, det............måtte ut i føremiddag og ta litt bilder......


Desse tre kan sitje i timevis og studere sauene.......men her er Lussi mest oppteken av kamera......ho er merkeleg fasinert av det........er alltid på plass når ho oppdagar at eg har det med.....PRkåt, heiter det vel....


Eit fornøyeleg uttrykk på Teddy .......



fredag 16. oktober 2009

Sokkar...


...var ei av gåvene eg fekk til gebursdagen.....og det er ikkje noko "rusk" dette her, nei..........lange, flotte med mønster heile vegen. Og i svart og rødt....som er fargen min........dei er so flotte at eg kan gå med dei på fest for den del....

I tillegg til sokkane fekk eg tre strikka oppvaskklutar og grytelappar.....so fine.

Gjevaren er den strikkeglade veslesystera mi........ein skikkeleg "racer" med pinnane, du finn ho på bloggen Ingrids Ull og Tull....
Tusen takk!
Ikkje nok med det......jammen hadde ho Ingrid løysing på "fugle-etterlysinga" mi òg......ho gjekk i kjellaren og leita, og der hadde ho mange (minst 20 ) slike fuglar......som ho ikkje hadde nokon plan med....no er dei på veg til meg......og poblemet er løyst...iallfall for i år....Hurra! Ha ei god helg alle....Yr.no lovar oss fint vèr ......Hurra for det òg!

onsdag 14. oktober 2009

O happy day!!

Sjå berre her kva eg fekk til bursdagen min......i dag. Har drøymt om at ein gong inn i framtida skulle bli eigar av eit speilreflekskamera......og det skjedde fortare enn eg rekna med...for å sei det slik. I går kveld då klokka hadde passert midnatt..og det var vorte den 14. , overraska bonden meg med stor pakke.
Vart visst so glad at eg både gret og lo......om einannan, og natta var nesten morgon før eg klarde å finna roen til å sove.....

Har mykje å lære her.....og du hendelse kor eg gledar meg......

Tusen takk kjære mannen min... du er den beste i heile verda!!!!
Ps. Har fått mykje anna gjevt òg...det kjem eg tilbake til.......

tirsdag 13. oktober 2009

Etterlysing...

Ser stadig at det går an å få hjelp til både eitt og hitt her i bloggverda..........og tanken slo meg; kvifor ikkje prøve her.......
Mitt spørsmål er:
Er det nokon som veit om slike fuglar er i handelen?

Tidligare var dei å få kjøpt i hobbybutikk.....trur det var Panduro......men no finn eg dei ikkje ............veit ikkje heilt kva materiale, men det er ikkje plast.

Skulle so gjerne hatt nokon til ymse prosjekt......


Tek med takk imot tips.....

søndag 11. oktober 2009

Endå ein sanketur......


Me manglar enno mange sauer i fjellet...men satsar på at dei har trekt nedover i skogen, sidan snøen kom so tidleg til fjells.
Førre dagen hadde nokon hjortejegrar funne eit lam som var skada og ikkje klarde gå....

Dermed var det berre å pakke sekken og legge i veg på leiting.......og i dag vart det ein skikkelg "hard" tur.....rett opp, so og sei......forbi fjellgarden To...og vidare til fjells.......for mange år sidan vart husa her tekne av snøras...no er det bygd opp att nye, fine hus.....
Det er ein fryd å gå på gamle, fine stiar.......

....små trapper bygde her og der...
Forbi gamle utløer.....slitne av tidens tann.......

Ikkje lett å finne eit lam som går åleine (uten bjølle).....men dei gode hjelparane våre klarde det........

Kort fortalt var lammet for skada til å få med seg heim i live.........

På vegen ned att fann me fleire dyr........og dermed vart resultatet denne dagen:
2 sauer, 3 lam og ein lammeskrott i sekken.

Mørket var so smått begynt å falle på før me var heime....
Ha ein fin sundag kveld!!
Me skal i bursdag til to barnebarn...
det er koseleg, det!

fredag 9. oktober 2009

Ein slik vakker dag........


Å vakne til sol og klar, blå himmel har me neimen ikkje vore bortskjemde med dei siste månadane...er vel difor me set so stor pris på det.......
Ein slik vedunderleg dag har det vore i dag......eg gløymde alt som heitte husarbeid og nyttige ting....gjekk ut i sola og der var eg lenge........


Såg ut som dei firbeinte koste seg òg..........



Til slutt ein liten videosnutt der Teddy og Tinke samla saman sauene som skulle flyttast til nytt beite. Det minkar på maten ute...og om nokon dagar må dei i hus.Videoen var litt lenger, men for å få den lasta opp til bloggen, måtte den kuttast ned til under eitt minutt.
video

No er det fyr på peisen, god mat og drikke......nydelege fredagskveld!
Ha ei god helg,du!

torsdag 8. oktober 2009

Heilt tomt......

for noko å blogge om..........rett og slett. Av og til stoppar det berre opp....kan ikkje finne på ein einaste ting å skrive om. Vil tru at fleire har det slik, eller?......sjølv om det ser ut som nokon har utømmelege kjelder..........nok om det.
Har vore på "tannlegetur" til Åsane i dag...gjekk fint det...berre litt pussing. Men tannlegedamo meinte me måtte ta fatt på ei ny "storoppussing" etter nyttår......og det betyr mykje pengar.......ordnar seg nok, det òg.
Etter tannlegetimen var det berre kjekt.....dottera var sjåfør....og eg strikka.......koseleg. Me var sjølvsagt på dei obligatoriske butikkane: Ikea, Stoff&Stil, ja, endåtil inn til by'n på Panduro, Black Design og Kremmerhuset rakk me..........
På Stoff & Stil var julestoff og -band/pynt kome fram............ikkje lett å begrense seg her......

Jaja, so vart det eit slags innlegg i dag òg......eg produserer til messe, so godt eg kan......er straks tilbake.

mandag 5. oktober 2009

Den gamle trekkspelkofferten.....

..har fått eit nytt liv og skal få vere med på messe.......Idèen fann eg på ein blogg.......So tusen takk for inspirasjon, Berit.......
Kofferten har lege på loftet i alle dei år....og no endeleg kjem den til nytte...........

Den er svart og ganske sleten utanpå..og slik skal den få vera........inni var den lys grøn.


Etter fyrst å ha målt den inni, har eg limt på gamle noteark, litt blonder og eit og anna instrument. Botnen er fòra med ubleika bomullstoff.....


På messe skal den gjere nytte til utstilling........har berre litt ferdig enno........

Til slutt eit bilde eg tok heimanfrå i føremiddag....var faktisk sol i fleire minuttar...

Ha ei fin veke!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...