Eg har lenge sakna ein plass der me kan sitje ute........og sitje turt sjølv i regnvèr...........og ulike løysingar har vore vurderte.
Noko permanent løysing er so langt ikkje kome i stand, men i går var eg på Plantasjen og kjøpte paviljong......kanskje ikkje det finaste byggverket...men du so praktisk.
Måtte sjølvsagt montere det straks, og innreia........og sat her til seine kvelden.....
Her skal eg riktig kose meg, her kan eg (sjølv om det regnar):Sitje med pc'en..
Sy, strikke, hekle....osv
Tenkje....
Filosofere.......
Sove middag.......
Ete frukost, middag, kvelds.....
Drikke vin........(og kaffi..)
Sjå på naturen........
Nyte fine sommarkveldar....
Trur da blir bra, eg......God pinse!