fredag 5. november 2010

Fine juleting frå Brukt'n.

I går fann eg ut det var på tide å ta ein tur innom den lokale bruktbutikken, der utvalet berre aukar og aukar for kvar gong eg er innom.
Gleda var stor då eg fann hyller med juleting......av mange slag.
11 drikkeglas med julemotiv.....noko grå her.....men ein runde i oppvaskmaskina håpar eg vil shine dei opp.......(kryssar fingrar for at dekoren tòler det..).

3 fine julekrus.......

2 nydelege juleløparar, som eg innbiller meg er ganske gamle.....iallfall hugsar eg slike frå min barndom (ikkje at eg er so forferdeleg gammal, men....)
Dei er i tynt, tynt gjennomsiktig stoff.....fantastisk fine.
Nokon som veit om ein får kjøpt nye slike no til dags?



Julekula trur eg òg er av eldre dato......opphengt i ulltråd..

Og til slutt to små "stjernebrikker"........


Detta var gårsdagens "fangst", men i går kveld begynte eg å tenkje på nokon gamle julenissar eg hadde sett på..................so i dag var eg der igjen.........utbyte av den turen skal du få sjå ein anna dag.
Ha ein finfin fredagskveld....og ei god helg!
Ps. Takk for alle gilde kommentarar, sjølv om eg er dårleg både på å besøkje deko og legge att kommentar......men eg kjem sterkare tilbake.....etter dei to messene eg skal på...lovar!!

lørdag 30. oktober 2010

"Velkommen-karde".

Ei karde frå loppemarked er gjenbrukt her...............
Er heller stille på bloggen for tida, prøver å produsere til messe etter beste evne...........


I kveld har me 7 barnebarn på overnatting, so då er det litt å henge fingrane i.........men du so kjekt det er.......
God sundag i vente!

onsdag 27. oktober 2010

"Velkommen-sag"

Ei gammal, rusta sag har fått nytt liv.......no som "dørskilt".................
Som mykje av det andre eg målar på, er også denne kjøpt på Mjøsmarkedet .


Sjå kor fint mønster på handtaket.......

I kveld er det vekas frikveld frå jobb, og eg har store planar om nisseproduksjon......................no skal fyre opp i peisen og lage meg ein kopp te, so er eg i gang........
Snakkast!!!

lørdag 23. oktober 2010

Gode vener!

Med desse bilda av bonden og Lykle (teke no i føremiddag)ynskjer eg deko alle ei strålande helg!
Trur kommentaren må bli: Gjensidig kjærleik!






tirsdag 19. oktober 2010

Nissen og kråka....

....målt på ein gammal trespade.
Den fyrste messa eg skal på, nærmar seg med stormskritt.......den er i Knarvik (i Nordhordland) allereie 13 november. Ein ny plass for meg, det vert kjekt.
Må visst sette inn eit ekstra gir når det gjeld produksjonen.........denne veka er det måling som står på programmet, iallfall.

Er slett ikkje sikker, men ser for meg at dette må vere ein bakespade.......



Ha ein fin tirsdag!

torsdag 14. oktober 2010

Bursdag og nissemor.

Jammen sant er det eit heilt år sidan sist eg hadde bursdag.....heilt utruleg.
Hadde ikkje tenkt på noko feiring i dag, men kva skjer?
Jau, melding om gjester som vil kome.....fine gåver........koseleg besøk....og mengdevis med helsingar på SMS og facebook.
Du hendelse for ein fin dag det vart!
(Gåvene vil eg spare til eit anna innlegg...)

Denne blide nissemora vart ferdig i går kveld.......(med strømpebuksefjes denne gongen).Trur ho kosar seg framfor peisen.....

Tusen takk for alle gode kommentarar frå deko........det er so kjekt!
Og sidan det alt er torsdag....God helg!

søndag 10. oktober 2010

Ein vedunderleg dag i fjellet!!

Endeleg var det full klaff i dag: Fint vèr, eg hadde fri frå jobb....og bonden skulle til fjells.

I dag starta me kvar vår veg......eg og Lussi gjekk den "vanlege" vegen, medan Bonden og Tinka starta heilt nede i dalbotnen i Teigdalen. Nokon av våre sauer hadde vore sett i skogen der............

Skodda ligg enno som eit lòk over bygda der nede....

Plutseleg dukka denne vesle krabaten opp........og han var ikkje blid, aller mest redd, kanskje....




Frå dalbotnen langt der nede skal bonden og Tinka gå..........fleire timar "rett opp"..........

...forbi fjellgarden To.....og vidare oppover.....

..medan eg sit her og kosar meg med niste, te og nissehuestriking.

Lussi storkosa seg i dag, vanlegvis får ho ikkje vere med på sanking...........gjer berre ugagn, seier bonden.

"Flokken" er samla att.....men uten sauer i dag........

..og me kan gje oss på heimveg....



Ein nydeleg dag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...