onsdag 25. juni 2008

Kos

Oi, so var det eg som fekk denne utfordringa: Korleis kosar du deg? Og då må ein rett og slett til å tenkja etter... og når eg tenkjer på korleis eg kosar meg, tenkjer eg på det eg gledar meg over. Og det er masse,heldigvis...Kva eg kosar meg med er òg litt avhengig av årstid, men er vel naturleg å tenkje på det mest nærliggande på denne tida... Startar med hobbyane: når eg lagar nissar og troll ,då kosar eg meg. Det same når eg malar...og no i det siste:når eg syr på maskin.. I det heile teke når eg kan skapa noko.Har alltid drive med handarbeid og broderte min fyrste vesle duk då eg var fem år gamal. Handarbeid er koseleg.











Gjennom vinterhalvåret jobbar eg mykje kveld (og helg), og reiser på jobb før middag. Når eg då ein dag har fri og kan ha middag med mann og yngste son, og deretter sette meg i godstolen med pledd over meg, ta meg ein lur og vite at eg skal vere heime heile kvelden, då er det "luksuskos".
Ein ting som eg kosar meg meir og meir med er pc'en.Kjekt å lese om alle dei flinke,kreative der ute i bloggverda. Vert so utruleg inspirert av det... Inspirasjonen er nok på topp etter handverksmessa eg skal på til helga òg.Reiser saman med gode vener, og der vert koseleg.
Kunne nemnt mange fleire ting eg kosar meg over,bl.a når me får besøk, gjerne av born og barneborn. Det er koseleg...


Av og til høyrer ein uttrykket: "Likar å ta eit glas vin i godt selskap". jaudå,koseleg det... kan godt ta eit glas vin eller to berre i mitt eige selskap,eg. Kosar meg då òg....... og gjerne servert i dette vinkruset, kjøpt på Kjerringtorget for fleire år sidan.

Mi koooselege utfordring går til avadore. Korleis kosar du deg?

2 kommentarer:

spøkerommet sa...

skulle visst ha utvida hobbyverda mi,men eg blir aldri lei da eg drive med så då e da vel ikkje nødvendig ?

Rosa sa...

Det ser så godt ut å drikke vin frå det begeret - håpar du kosar deg med det ikveld. God fornøyelse imorgon!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...