....hjå meg, her som ikkje ein nisse får setje sin fot i stovo (eller andre stader i huset) før veslejulaftan. 
Dette "nissestyret" er eit forbigåande fenomen ......desse skal vere med på messe, den startar neste fredag på denne tid. No er det nissar, troll og andre messeting overalt......det flyt, rett og slett.
Heldigvis er bonden ein tolmodig mann......og godstolen han er ikkje oppteken.....endå.



Ein liten helserapport til slutt: Oslostudenten vår kom heim onsdag med influensa..............fleire på skulen har vore sjuke...og i helga etter speling i Stavanger vart fleire i korpset òg sjuke....og fekk påvist svineinfluensa.Då han ringde heim og sa han ver begynt å bli dårleg, ba eg han innstendig om å prøve å kome seg på toget heimover, å bli liggande sjuk på ein hybel er liksom ikkje noko særleg.......
Mor "hivde seg rundt" og fekk tak i Tamiflu.......som han begynte med same kvelden.
Etter 12 timar var det verste over..........og no er han feberfri....... og me lurer på:
1. Er det svineinfluensa han har?
2. Kan den vere so "mild", eller?
3. Er det Tamiflu som verkar so godt?
Jaja, guten er i fin form og takk for det!!!!!!
Og no gjeld det om å halde seg frisk.......eg SKAL på messe neste helg må vete.......her er det desinfisering til "alle tider"....hm.
God helg!!!!
Eg skal produsere........får garantert ikkje besøk denne helga....med virus i huset!!!!