fredag 16. juli 2010

Laber blogging......og flaks...igjen.

Det fortset visst i "same lei" når det gjeld blogginga mi......ca 1 innlegg pr. veke.......ser ut til at det er vanskeleg å få til noko meir for tida........ utruleg kjekt at de likevel er innom til meg og legg att kommentarar........det gledar meg stort.

Eg har hatt ei utruleg vinnarlukke sidan eg begynte å blogge, og har vunne den eine gilde gåva etter den andre..............den siste er desse fantastisk flotte grytelappane, vovne av Birgitta. .....som er ein stor vevkunstnar. Førebels har eg dei til pynt, men eg SKAL bruke dei....er vel meininga det....iallfall:Tusen takk!



Når det gjeld handarbeid har det "lege nede" i fleire månader faktisk....heilt elendig, sjølvsagt.....kjenner på stigande abstinens i so måte....

Sist veke var eg med bonden ein tur til Bergen og på Quiltehuset fann eg dette fine stoffet med sauer. Har ikkje peiling på kva eg skal bruke det til..............MÅTTE berre ha det.......


Nett no har me ein liten pause i slåtten, men over helga er det på'an igjen. Skulle so gjerne hatt litt sol og varme, so me kan få litt turrhøy i år òg..... meldingane er dårlege for fyrste veka......men me lever i håpet.
Ha ei god helg!!!

8 kommentarer:

Vform sa...

Hej!
Grattis till vinsten från Birgitta! Jag har också vunnit likadana grytlappar :-)
Du får komma över till Finland med höet! Vi har sol och 25-30 grader varmt ...

Fin helg till dig!

malla-b sa...

Flotte grytelapper du har vunnet. Nydeleg stoff du hadde kjøpt. Eg ogs kjøper mykje fint stoff som eg ikkje har peiling på kva eg skal bruke til, men som oftast blir det til noko.
Eg laga spisebrikker av eit stoff eg hadde med dansande lamb.

Havfruen sa...

Grattis med flotte grytelapper, de hadde jeg hatt problemer med å ta i bruk:))O)

Stoffet du kjøpte så jo knallfint ut, gleder meg til å se hva det blir til.

Lite blogging på meg også...idag har vi hatt 26 gr og sol....men nå har vi trekt inn i hytta....litt solbrent og mye vind og Major lengter inn til sofaen:))
Lykke til med slåtten, håper sola kommer:)
Klem:)

Rosa sa...

Me får håpe sola kjem både her og der. Ser for meg at dyreparken i regn er litt trist, men akurat no ser det faktisk ut til å lysne opp etter ein heller blaut køyretur idag.

Nyt "fri"dagane!

Anonym sa...

Kjekkt att du har flaks fine grytelappar!;-)håper på fint vær eg og det er kjedligt med dette regnet!ha ein fin kveld;-)

KariL sa...

Heldige du med stor vinnarlukke. Vel unt. Lekkert sauestoff. Blir artig å sjå kva du lagar av dette.
Ha ei fin helg og måtte sola snart kome.

Petrinetrollmor sa...

Hei igjen!
Tusen takk for hyggelig kommentar, Trollkonå. Håper du har ein fin sommar sjølv om været ikkje er på topp, solmessig.

Klart du måtte ha det stoffet, det er då sauer på det, og du med din kreativitet finn heilt sikkert noko å lage av det, visst ikkje kan du nå berre sjå på det !

Fine grytelappar har du fått også. Går det virkelig an å veve så fine lappar ? Du verden !!

Ha ei riktig fin helg !

Fru Keilegavlen sa...

Flotte gryteklutar du har vunne. Gratulera!! Og eit herleg stoff du har kjøpt. Lykke til med slåtten. Det er kjedeleg no når veret er slik som det er. Me er heldigvis ferdige med slåtten og ferdige med å køyre ut møk og gjødning no, men så har ikkje me tørrhøy heller. Køyrer berre i silo og i rundballar. Krysser fingrane for dykk!!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...