mandag 30. august 2010

FOR ei helg det vart..med opptur...og nedtur.

Balkanfesten vart nett so fantastisk fin som me hadde håpa på..... Tenkte å kome med masse fine bilder i dag, men det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt, nei...
Men nokon har eg....
Frå paraden på laurdag der lokale musikantar deltok saman med svenske Süperstar orkester, etter at dei hadde hatt workshop fredag kveld...

Srdjan Azivors Orkester......eit vaskekte messingorkester frå landsbygda i indre Serbia.......



Den heile lammeskrotten er snart klar for grillen...

Fleire og fleire MÅTTE etterkvart danse til dei fengjande rytmane.....


Stor stemning i Gato utpå kvelden.....

So til sundagen, som vart nedturen.........me var tre veninner som skulle på Kjerringtorget på Nesbyen........og glade og optimistiske sette me oss på toget frå Voss kl 9.07.

Billettar var kjøpte på nettet tidleg i veka, og alt skulle vere i "skjønnaste orden".
Men konduktøren var litt meir i tvil om akkurat det, og etter å ha studert kvitteringa mi nøye, kom han til at eg hadde kjøpt billettar til feil dag, also laurdag.......at går an!!!

Etter endå meir studering kom han til at me kunne sitte på plassane heilt til Gol.....og stå resten......og me slapp kjøpe nye billettar......Takk!

Framme på Nesbyen ausa regnet ned, faktisk hadde det regna so mykje om natta, at 12 salsbuer hadde "bukka under", og utstillarane hadde naturleg nok pakka og reist.
Fleire dreiv og pakka ned då me kom, og klokka fire då det eigentleg skulle stenge var det nesten ingen igjen. Me trava rundt for å få med oss mest mogleg, våte og kalde etter kvart.......og til slutt søkte me ly på ein kafè, der sat me i 3,5 timar.....og varma oss.
Me fekk vera med toget heim att òg , heldigvis.........
.....og dersom du framleis heng med, vil eg ynskje deg ei fin veke!!!!


10 kommentarer:

SOLSAUM sa...

Så god start på helga og så stusseleg slutt!

Håpar du får nokre fine dagar og litt kjekt handarbeid som kan hjelpe på humøret;o)

Solklem

Rigmor sa...

Skulle ha kunnat vara jag...att boka på internet är inte min favorit! Sen är jag duktig att anteckna saker på fel dag i almanackan vilket gör att jag ofta kommer fel dag till tandläkaren osv. Kommer aldrig att lära mig, det tillhör min natur...
Trevlig tillställning med Balkanfest!!
Ha det gott!!
Kram

Janne i Fagerlia sa...

Huff, at disse lumske værgudene ikke kan holde seg unna slike viktige arrangement. Skjønner ikke at de ikke kan vente til dager der det ikke foregår noe. Trist for både arrangører og deltakere. Hadde gledet meg til å høre om dett Kjerringtorget og hvordan det hadde gått.

Tofo sa...

Så dumt når noe en har gledet seg til ikke går etter planen:(
Men Balkanfesten så livlig og kjekk ut:)

Ha en riktig god uke!
Klem;)

MajorogMeg sa...

Må nesten le....enn å ha billett til feil dag:)) Enda bra du fikk bli med:)
Bra start på helga, synd avsluttningen ble regnfull og kald.
Jeg hang med og ønsker deg også en flott uke:)
Klem:)

Nikoline sa...

Jammen... me hadde då ein kjekk dag lell! Og takka vera to kjekke konduktørar gjekk togturen bra også.. og kafèverten - ja,han var kjekk han også... sjølv om han begynte å vaska rundt beina på oss på resten..
Inspirerte vart me òg,ikkje verst berre det når det berre var spor att etter kvar bodane hadde stått! Har ikkje TENKT på ordet nedtur før eg las det her kjære Trollkåno:0)
Så takk for ein flott tur, og me held tradisjonen ved like og møter opp like optimistiske att neste år *blunk*
Ha ein fin kveld og god vakt:0)

Trollkåno sa...

Hei Nikoline!
Jaudå, me hadde ein kjekk tur, og ikkje minst fekk me tid til å prata meir enn me har gjort på lenge..........og inspirerte vart me.
Men at det samstundes vart nedtur står eg ved.........sjølv om eg no har eg fått varmen i beina att!!
Sjølvsagt skal me tur neste år, men kanskje einkvan med litt klarare hovud skal kjøpe billettar?????

KariL sa...

Kan velsei det var ei innhaldsrik helg i alle fall.
Ynskjer deg ei god veke!

Gamleheksa sa...

Huff, det skal ikke være lett ;) Synd med det været også. Men for ei travel helg. Mi var litt roligere den da ,hehe. Hjemme og ble bortskjemt

Bestemor Drillo sa...

Så trist da!! Når man har gledet seg til ting da er det surt at det skjærer seg! Litt fikk dere da med!
Ser ut til å ha vært stor stemning der! Klem til deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...