fredag 25. mars 2011

Det går seg til........

Jaudå, vèret har roa seg..........og dei verste skadane på veg og tun er i ferd med å bli utbedra.........
Eg reknar med å kunne køyre bil heilt heim etter jobb i kveld.........
Men skadane på verkstaden til bonden tek det lenger tid å "fikse".....der må vegger rivast, våt isolasjon skiftast,golv takast opp osv.........med andre ord, masse arbeid.
Det er i slike tilfelle ein er glad for å ha forsikring, so det ikkje vert ei stor økonomisk belastning i tillegg.
Her sit "Lussi linselus"!

So til eit kjekt syoppdrag eg fekk........ei jente skulle på karneval på SFO, og trengde ei lita veske til småting, sminke og slikt ein treng å ha med.
Besta måtte sjølvsagt trø til, og dama bestemte sjølv kva stoff som skulle brukast...............veska skulle vere "gamaldags og heimelaga"...........nemleg....(ein bevisst 6-åring)!

Ryktet seier at den vart godtatt.......

Eit par timar til på jobb, so kan eg ta helg.......har kjøpt inn div. garn og mønster, skal riktig kose meg.........
Ha ei god helg, du òg!

14 kommentarer:

malla-b sa...

Ynskjer deg ei kjempefin helg.Det har vore mykje "veir " denne veka. Her ute mot havet hos oss har det ikkje gjort noko skade, men eg har vore eit par turar lengert inne i fylket og der har kreftene slått til.

Vform sa...

Ojoj, vilka naturkatastrofer våren kan ställa till med!
Tur att ingen kom till skada ... men ändå :/
Vi här på "plattlandet" (Finland)klarar oss relativt bra från ras och dylikt!
Jättesöt väska :)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Huff, det vannet kan virkelig ødelegge mye på bare kort tid.

Men veska var flott, klart denne måtte falle i god jord. Heldig den som har så kreativ og flink Besta :)

God helg!

Fru Keilegavlen sa...

Off, håpar det ordnar seg! Ei nydeleg veske!! Stas å få sy til eit barnebarn som veit akkurat kva ho vil ha. ;)

Janne i Fagerlia sa...

Heldig denne lille "frøkena" som har en "handybestemor". Og lekkert ble resultatet av stunden ved symaskina.

johanne`s rom sa...

Uff så ille det var hos dere. Det må være fælt å rydde opp igjen i slikt. Men den veska blei jo så fin og koselig, og nå skal du strikke eller hekle i helga forstår jeg. Ønsker deg en god helg.

Lindas hobbyhjørne sa...

Den var jo så nydelig :) Lurt!
Godt at det ordner seg ettervært for dere.
Ha en fin kveld, klem.

Havfruen sa...

Enda bra det går riktig vei hos dere. Værgudene er ikke nådige når de setter igang!!! Linselusa Lussi er den vakreste linselusa jeg har sett:))
Knall veske...hun har skjønt det!!
Nyt kvelden og helga, klem fra meg:)

Rosa sa...

Veska var så absolutt godteken, og jenta var superfornøyd då ho putta den i sekken og tok den med på skulen! Tusen takk!
Frykteleg bale med alt vatnet har stelt i stand for deko, både på veg og verkstad. Ei lita trøyst er jo at forsikringa tek seg av det økonomiske, så de iallefall ikkje treng ha DEN bekymringa. Og så får me prøve å trø til alle mann, og hjelpe til med det me kan gjere.

Turid sa...

Bra veien kommer seg, men huff så mye arbeid dere får på verkstedet:(

Men søt veske...tenker karnevalsjenten ble glad for denne:)

Helgeklem fra Turid;)

Birgitta sa...

Vad skönt att väggen har blivit lagad och du kan köra bil där igen. Vilken liten käck väska du sytt.
I Sverige är det Våffeldagen idag och det har ätits våfflor överallt då. Och på söndag blir det sommartid, men ingen sommar än.
Önskar dej en riktigt skön och mysig helg.
Kram Birgitta

Strikkebesta sa...

Ja, eg tenkte på dykk når innslaget om Evanger kom på dagsrevyen. De slepp i alle fall å verte arbeidslause med det fyrste. Ønsker deg ei god helg, vi tek turen sørover til Stord i morgon, eg skal til Bergen på kurs tysdag, har ein avspaseringsdag eg kan bruke måndag - og dermed var det lett å overtale mannen min til å ta ein tur til heimtraktene hans:)

may sa...

Heldig den som har ei sy-besta

Elins Strikkeri sa...

Superfin veske du har sydd, tenker bestemorjenta vart glad!! Håper ting har bedra seg hos deke, ha ei fin veke:))

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...