tirsdag 31. mai 2011

Video....

Her kjem ein bitteliten smakebit frå det eine stykket på konserten eg omtala i forrige innlegg.......heile dette stykket varde i 2,5 minutt,
men det er komplett umogleg å lasta opp meir enn detta (ca 48 sekund).
Stykket er "Trompet Voluntary" av Jeremiah Clarke, spelt på piccolotrompet.
video

mandag 30. mai 2011

Ja, eg er stolt......

......kjempestolt, rett og slett...og irritert!
Stolt over yngste son, Børge.....som var solist med det lokale symfoniorkesteret Fossegrimen i går kveld.
Og irritert fordi eg ikkje får lasta opp videoen eg tok...og som eg hadde tenkt de skulle få sjå.
 Når bonden og eldste son òg sat i orkesteret, var eg sjølvsagt (om mogleg) endå meir stolt........
 Ein fantastisk konsert var det........
Onsdag 8 juni skal guten spele eksamenskonsert på Musikkhøgskulen (i Oslo). 
Då er planen at bonden og kåno skal "fyke over fjellet"......og vera med på det.....og fyka heim att same dagen.
Sjølv om eg ikkje er det minste glad i å fly, gledar eg meg verkeleg til den dagen.......er nesten sikker på at det kjem ein rapport frå den turen.
Ha ei fin veke, håpar vèret bedrar seg!!

lørdag 28. mai 2011

Støyper.......igjen.

"Støypeprosjektet"  eg starta i fjor, går sakte vidare...........og ugraset må vike for stein og betong.....
Bonden har henta ei skuffe med sand....  eg har henta meir stein, kjøpt sement og støyper litt og litt. Blandar med berre nevane, ikkje noko motorisert blandemaskin her.  Det går heilt fint.... 
Nokon opne felt til å plante i....og nokon fine dyrefigurar innimellom, kjøpt på loppis og Brukt'n.
Den fine lilja fekk eg av mi kjære syster då ho var på besøk for ikkje lenge sidan.
I dag var det for mykje regn til å støype, men eg har henta eit par lass med stein. I eit sandtak her i bygda har eg fått lov å hente  stein, lettvint å berre lesse den i bilen.
Yr.no lovar oss 27 mm nedbør i morgon, vert nok innedag..
.og konsertkveld, kjem truleg rapport frå den...
God sundag!!!

onsdag 25. mai 2011

Ny iPhone4 og ny veske......

Siste "investeringa" mi er iPhone........etter at den "gamle" mobilen stilna av........som følgje av diverse uhell....(les: fall osv).
Og denne er kjekk, du............eg kosar meg, ( særleg når eg kan "svippe innom" nettet (bl.a facebook .. hm). ....nett når eg ynskjer)!!!
Er mykje her  eg ikkje har "utforska" endå.......kjekt!!

 Den gamle strikka/tova mobilveska mi dugde heller ikkje lenger....her måtte symaskina fram.
Denne er fòra med vatt, håpar polstringa er god nok.....bakpå er det hempe til å feste på belte.....
Ha ein finfin  onsdagskveld, du òg!

lørdag 21. mai 2011

Eg står fram........

.....og  frå i dag av heiter bloggen min rett og slett: ORLAUG.
Ei  trollkjerring er eg vel framleis, men no  var det på tide med eit skifte....
Orlaug Olga er faktisk døypenamnet mitt.........ein noko merkeleg kombinasjon, spør du meg.
Forklaringa er nok at nokon forfedre  skulle kallast opp att, og då gjer ein det "skikkeleg".
Eg brukar berre Orlaug, men Olga-namnet dukkar stadig opp, enten eg vil eller ikkje.
Statistisk sentralbyrå opplyser at det er 76  kvinner i Norge som har Orlaug som einaste fornamn.
Og det er 3,2,1 eller 0 som heiter Orlaug Olga......(sikkert berre 1)!!

Bilda har eg plukka frå arkivet i dag, tek til slutt med eit av sauer ein solskinsdag. I dag er det nemleg 5 plussgrader og regn......kaldt og surt for sauer og lam.
God helg til alle!

søndag 15. mai 2011

Knittax.........frå 1950-åra.......

....det var gårsdagens fangst hjå Brukt'n. "Måtte" berre ha den........sjøl om eg var usikker på om den i det heile tatt var brukande......litt støvete og rusten.
Slike gamle "handsarbeidsting" har eg visst ei  viss "svakheit" for....veit ikkje heilt kvifor.
 I dag har bonden demontert den, og spraya den med noko super rensemiddel.
 Alle nålene har eg  pussa med stålull, maskina er rensa og smurt........og montert.
 Fyrste prøvelapp.....DEN FUNKAR!!!!

                         Detta  var moro!!

tirsdag 10. mai 2011

Måling i mai.......

.......det er heller sjeldan her hjå meg, desse fine vårdagane vil eg heller tilbringe utandørs, so langt eg kan. Og då er det lett å utsetje, utsetje og utsetje...........akkurat det er eg ganske god på.......
MEN....so var det berre det, at eg hadde lova å måla ei fjøl med ein gradestokk på.Denne skulle vere ferdig 10.mai, also i dag........og litt regn på morgonen passa meg pefekt........... måling vart det.........kjekt vart det òg!!!
Snille bonden kom heim i lunchen og skrudde fast gradestokkken, det med skruing (og få ting beint) er eg heilt håplaus på............
No er fjøla  levert, og sovidt eg hugsar har eg ikkje lova noko meir med det fyrste.......
Ha det so fint!

søndag 8. mai 2011

8.mai-markering...og ei ganske stolt Trollkåne......


 I år var det korpset i bygda vår som stod for det musikalske ved 8.mai-markeringa på Voss.......so i dag var det tidleg på'n.........

Eg gjorde "jobben" som fotograf i høve dagen..............og  er sjølvsagt uendeleg stolt av musikarfamilien min.......på bildet under har eg markert alle "mine"..........i dag utgjorde dei 10 (av 15 musikantar):
Bonden sjølv (i militæruniform)
4 barn
1 svigerson
1 kjærast
3 barnebarn.
Eldste og yngste son.
Tale for dagen v/Prof. Ole Didrik Lærum.
Vel, detta vart visst eit uhemma "skryteinnlegg"...........var meininga, det.........
Ha ei fin maiveke.........sola skin!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...