Som mange sikkert allereie veit, skal Vestlandstreffet for quiltarar dette året vere på Voss. Her blir det kurs,utstilling, føredrag og mykje meir........ 5.-7. oktober er helga, og me i quiltelaget har planlagt i "lange tider". Håpar riktig mange vil ta turen til Voss denne helga...... Opplysningar og påmelding finn du på sida til Voss Quiltelag.
Fleire fine dagar denne veka gjorde til at våronna kunne ta til........kjennest godt å kome "ut or hiet"......og ta fatt på utearbeidet. For min del med å få "på plass" att all sanden/grusen som er brøytt utom vegen ilag med snøen i vinter. Her det handemakt som gjeld.....skrape saman.....og bere opp att. Bonden føresler at eg kan skrape det lenger ned, fylle det i traktorskuffa og køyre det opp. Det har eg takka nei til (litt sta,kanskje?:) .....sabla god trim, detta!!
Som sagt: Ein nydeleg vårdag i går......og i dag er vinteren tilbake......med innesyslar.