søndag 24. februar 2013

Litt for seint......eller altfor tidleg.

Eller var det slik at jula varer heilt til påske?
Desse julegrytelappane har eg pusla med i det siste.Hadde tenkt å lage eit par til meg sjølv før jul, men som vanleg hadde eg for store planer og dei var lagt vekk.


Men no er dei iallfall ferdige, og ikkje berre eitt par, men tre........kanskje vert det eit nytt messeprodukt, eller kanskje julegåve. Mønsteret er frå Drops design.
Ha ei fin, ny veke!

5 kommentarer:

tubakk sa...

Skvatt jo litt då eg såg dette biletet. Tenkte eg hadde sove litt for lenge. Tida går jo fort, men så fort kan ho vel ikkje gå. Flotte blei dei jo, desse gryteklutane. Godt å vere ute i god tid.

Mathilde's rokk sa...

God formiddag!
Så fine grytekluter :) Kjekt å ha noe ferdig i god tid, til messene som kommer i slutten av året. Men ikke glem å behold et par selv da.

Trines hobby sa...

Veldig fine blei dei, og så er det lurt å starte i god tid. Eg har alt kjøpt 2 julegåver, i år skal eg vere ferdig i god tid og berre kooose meg i førjulstida:)

Guri sa...

Aldri for tidlig/seint for juleting. Plutselig er den her igjen og da er det for seint å produsere ;)
KLÆM

Bodil sa...

Veldig flotte. Lurt å starta tidleg, for tida går som regel fort.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...