mandag 16. juni 2008

Loppemarknad.

Laurdag gjekk loppemarknaden "vår" av stabelen. I år var det eg som tok imot telefon frå dei som ville gje frå seg ting og tang.. Mange hyggelege samtaler, og folk vart svært fornøgde når me kom på døra og henta det dei ville kvitte seg med. Dette må vera det ein kallar ein vinn-vinnsituasjon.


Klarde å sikra meg nokon ( i mine auger) godbetar, som dette syskrinet.
Dama som gav det,sa at det er over 90 år gammalt.




Ein fin, gammal brodert duk.



Og endå ein duk. Denne har litt applikasjon og innfelt hekling.Kjempefin!



Ei stor glasskål som kan vere god å ha til salat når me er mange rundt bordet


Må òg vise desse salt/pepparsetta som systra mi skal få. Kan godt hende ho allereie har dei,for samlinga hennar er på hundrevis av sett.



4 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulera med blogg!
Så flotte kupp du har gjort!
Den nederste duken var nyydeleg!Fann berre eit kakefat eg denne gongen..
-N-

Linda sa...

Nydelege ting du fekk tak i på loppemarkedet! det syskrinet er jo midt i blinken!

ja, loppemarked er ein fin ting!

Rosa sa...

Det syskrinet var knallfint! Og dukane likeså :)

Anonym sa...

fiine dukar . tenk at folk gje vekk so fine ting . salt og pepar setta har eg ikkje heilt oversikt over .

ingrid

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...