søndag 22. juni 2008

Lærdalstur

Denne aldeles nydelege lysestaken kjøpte eg i går på Lærdalsmarknaden. Tok ein tur med to gode veninner som òg er interessert i slike handlaga saker.



Jaja,var no ikkje berre handverk dei hadde å tilby,då... Gjekk forbi iallfall tre stand der dei tilbydde massasje! Kunne sikkert vore godt det, men sa høfleg nei takk. "Man sier ikke nei takk når man er på marked" sa damo og verka litt myndig der ho peikte på stolen eg skulle setje meg på. Me tusla vidare, og neste gong me kom forbi hadde ho jammen lukkast å få nokon i stolen. Ååå,lettelse..sikkert godt for dei begge...

Men mykje fint såg me og kjekt var det, trass i litt regn og vind. Vart ikkje so mykje handel,berre litt lefse og spekjepølse. Og so englane då..



Og neste laurdag vert det tur til Handverksmessa i Jondal. Gler meg stort...Og damer: då må me stå opp endå tidligare...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Lærdalsturen var so koseleg at me skal nok klara å stå opp i otta neste laurdag også,du slepp nok ikkje unna kaklinga i baksetet på vegen til Jondal heller... Og kanskje vert da massasje å få der også! Englane var fine i grønt her hjå meg.Takk for ein koseleg laurdag og eg ser fram til neste tur.

Rosa sa...

Dei englane var berre heilt nydelege!
Eg håpar englemannen er i Jondal òg, så kanskje ein slik trio finn vegen heim til meg? :)

Og den massasjedama - spark ho på leggen neste gong ;)

Anonym sa...

den lysestaken var utruleg fin .

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...