lørdag 28. juni 2008

Messetur (igjen)

Tidleg i går morgon la me ut å tur til handverksmessa i Jondal. Litt skodde fyrst på turen, men det klarna opp og vart ein strålande dag. Fann det mest praktisk å setje bilen att i Tørvikbygd og ta ferja over. Vart berre ein spasertur på nokon hundre meter før og etter ferjeturen, og det har me no vel godt av? Og mange gjorde det nettopp på den måten, for reine folkevandringa var det mot messeområdet...


Me nærmar oss målet

Masse flott handverk var det å sjå, og sjølv om mykje av det har gått att i årevis, er det alltid noko nytt og spennande. Var spent på om mannen med englelysestakane ( frå Lærdalsmarknaden) var der,og jaudå: nesten den fyrste me oppdaga. Må ha hatt ei travel veke den mannen,for han hadde med seg mange "nye" ting...So fekk eg kjøpt lysestaken med blå englar til ei som ynskjer seg ein slik.. Utvalet av smykker var overveldande i år òg, både i glas,sølv,tre,perler,stein og gudane veit kva alle materialar som var tekne i bruk. Valet i år fall på dette hjarte i tre frå Nabben Brukskunst. Må alltid ha noko med heim når eg er på messe,og ganske ofte vert det smykker....kjekt å ha....


Etter nokon timar i trengsel og full av inspirasjon vende me nasen heimover att. .......apr det: karane som "stabla" bilar på den plassen me stod, hadde nok gjort ein "god jobb". Sidan me reiste ganske tidleg heim, var plassen aldeles full,og so tett parkert at det såg litt mørkt ut ei stund med tanke på å kome seg der ifrå. Om morgonen høyrde eg faktisk ein mann som spurde om å få sleppe å parkere so tett,kona hadde ikkje plass te å få opp døra!! I slike tilfelle undrar det ein ikkje om det vert bulka bilar..men,men, med litt god manøvrering gjekk det bra..me har då køyrt bil i snart .....år,må vete.. hm.. Neste messe:Kjerrintorget i Nesbyen siste helga i august. Då fèr me avgårde igjen..jippi!!!!!

2 kommentarer:

Rosa sa...

Bulka bilar på parkerigsplassar er vel forsikringsselskapa sin store skrekk.... Det får meg forresten til å tenkja på ein viss ferjebillettør, hihi.

Flott at det vart ein vellukka messedag!

Anonym sa...

godt det var bakfrå...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...