...eller kanskje innlegget kunne heite: tre brør spelar ved Tre Brør.
Dette musikalske stuntet fekk me iallfall oppleva på torget på Voss(ved Tre Brør Kafè) i dag. Dei tre brørne "reklamerte" for Balkanfest Evanger, som går av stabelen siste helga i august.
Då vert (som det står i programmet) bygda vår "omgjort" til ei bygd i indre Serbia, med Balkanmusikk, masse god (serbisk og norsk) mat og stor stemning!
Du er hjarteleg velkomen til å besøkje bygda vår den helga...........vil du sjå kva som skal føregå?.....sjå HER.Skulle ynskje eg hadde eit kjempestort hus, so skulle eg teke imot "alle". Det me kan tilby er plass til telt/campingvogn/bubil.
Dessutan går det tog/buss "rett forbi" Evanger.
Det var reklamen for i dag.
Ha ei fin helg, eg er nett begynt på ferie og håpar på betre vèr!
5 kommentarer:
Klart du må reklamere:))
Det er masse festivaler rundt om her på fosen også om sommeren. Men Gubben og jeg er en smule hjemmekjær, så vi er ikke de mest deltagende....
Ha gode sommerdager, klem fra meg:)
Så artig!! Kjekt med litt reklame. ;) Ha ei fortsatt fin helg.
Så stilig dei hadde laga det til! Og sikkert kul speling til. Kanskje me lyt prøve å snike oss med i skrangleorkesteret til neste år... Men no skal me fyrst gle oss til årets Balkanfest!
Slik som du akn reklamere! Jeg kjenner draget vestover. Men det har jeg egentlig kjent i hele sommer. Men så var det den slåtten da, et evig kapittel dette året, ser det ut for.
Fantastisk ! :)
Ein landsby i det indre Balkan og med tradisjonsrik mat frå Balkan, det er viktig å presisera ;)
Eg gleeeedar meg :))
Legg inn en kommentar