tirsdag 3. februar 2009

Handletur og service.

Ein kjapp handletur til Åsane vart det i dag.... vil kalle det kjapp når eg var borte i 3,5 timar og det tek ca 1 time kvar veg å køyre....Ikkje slik å forstå at eg reiser kvar veke, men eg mangla litt til det store prosjektet eg driv med, og for at det ikkje skulle stoppe heilt opp, måtte eg berre skaffe meir "materialar". Og det går framover....ifylgje tidsplanen skal eg vere komen i hamn med det innan to veker. Det var ikkje stoff eg mangla (12 meter som eg kjøpte sist skal halde..)
Men å gå rundt på Stoff og Stil utan å la seg freiste er rett og slett komplett umogleg . Eit par meter med brune stoff og eit rustfarga mede søte grisar måtte eg berre ha........har ein plan med desse.....


Svippa sovidt innom Fretex òg...utan å finne noko i dag. Derimot var eg innom på ein anna butikk der i området og kjøpte garn. Ikkje til meg sjølv, men meir på oppdrag.
Heile 21 buntar kjøpte eg, og sidan alt garnet er -20% for tida, var eg særs nøgd med handelen........heilt til dama i kassen sa kva det kosta.......kjapp hovudregning, og eg skjønte at noko var feil. Då var eg komen nesten til utgangen, eg bråsnudde, fann ein stol og tok opp alle buntane for å telje ein gong til (- og sjekke kassalappen).


Konstaterte at eg hadde betalt for 10 buntar meir enn eg hadde i posen. Tilbake til kassen.....
Eg: Eh, lurer på om eg har betalt for mykje....
Dama:.....her er det feil.....116 kr tilbake...
Eg:(idet pengane ramla ned i skåla): Tusen takk!
Dama: Værsågod!
Poenget er ikkje at eg er so spesielt høfleg, men: Hadde det det ikkje vore på plass med ein bitteliten beklagelse. Sjølvsagt kan alle gjere feil (og gjer det)....men eg synest det er berre vanleg folkeskikk å beklage når ein har gjort feil.
Dette skjedde ein halv time etter butikken hadde opna, so det var ingen unnskyldning at ho var trøytt etter mange timar..............eller kanskje ho ikkje var komen skikkeleg i gang?
Dei som har slike yrke (+ andre òg) skal vere serviceminded......forventar me ikkje det?
Aldri so gale......osv.......so vart det noko å lage innlegg i om dag òg. Hurra!
Ha det so bra!

9 kommentarer:

Juni sa...

Det er komplett umulig å gå i slike butikker uten å kjøpe noe, det er sikkert. Om en ikke har noe spesiellt i tankene kommer det fort et eller annet dettende ned fra den ene hjernehalvdelen om at dette her blir sikkert fint til....

Høflighet er alltid bra, og hvis en gjør en feil (noe alle kan gjøre) så er en beklagelse på høflig vis det minste en kan tilby. Og det burde være en selvfølge for alle som jobber blant mennesker.

Linda sa...

KVA??? har dei salg endå???? trudde det var berre i januar eg!!! *telje pengane mine*

Og eg er enig med deg.. ein aldri så liten beklagelse hadde ikkje vore upassande...

~♥~ Monica S sa...

Hallajs!

Kjekt med handletur i ny og ne.. spesielt om en kan reise åleine og virkelig berre kose seg.. uten at noken står og trippar og ventar...

Eg har eit slikt yrke som ho kassadama... det er ikkje alltid ein tenkjer "rett".. eg veit eg ofte har vore etterpåklok og tenkt.. huff.. skulle ha sagt det og det.. men når det gjeld store feil som den du vart utsatt for.. at ein betalar altfor mykje burde du ha fått et "beklager!" det synes eg!!
Sjøl har eg ingenting med pengar å gjere.. eg jobbar med mat! Og heldigvis kjem det ikkje så ofte klager.... men om det gjer det.. så må dette sjekkast.. kva dag maten var kjøpt.... om den har vore lagra til den vart utgått eller om det var kjøpt dårleg... mykje å tenke på.. men noko att skal dei ha... enten ny vare eller pengar..

Monica

Line sa...

Så herleg det stoffet med grisane på var:0)
Synest og det hadde vore på sin plass med ein beklagelse!!
Fin tirsdagskveld til deg, klem

Anne-Berit sa...

Er enig med deg der ja,en unnskylding hadde vært på sin plass.Er spent på hva du skal lage av de stoffene du kjøpte,vi får vel se resultatet her håper jeg.
Her har det snødd i dag,så nå er det julekortstemning igjen.Og jeg som ville ha vår,hehe.

Nikoline sa...

Bra det sjeldan var klager på Bloksberg,men hadde det vore det so hadde me no visst å oppføra oss betre enn kassadama på garnbutikken... sant??
Så flotte stoff... det bakerste i brunt såg heilt nydeleg ut syns eg.
Er det oppussing av stova so er kome i gang sidan det tek så lang tid og du må ha so mange meter med stoff skal tru.... nye gardiner...?
I morgontidleg set eg meg på Haukeliexpressen og fer til Notodden,gler meg veldig!Håpar det er bra vær og føre over fjellet..
Lukka til vidare med stoveoppussinga *plystre* -

Gamleheksa sa...

Folkeskikk blir mere og mere mangelvare. Jeg synes det er mange frekk folk i forretninger rundt omkring. Det var jammen bra "hoderegneren" din fant feilen før du kom hjem iallefall.

Det er vitamin-innsprøytning å gå i slike butikker, men det tar godt tak i lommeboka. Var innom en garnforretning tidligere i dag jeg...

Du holder oss godt på pinebenken med det store prosjektet ditt, men jeg skal vel holde ut å vente et par uker, hvis du holder skjema ;)

Fortsatt god onsdag.

Janne i Fagerlia sa...

Så heldig du er som har mulighet til å avlegge slike butikker et besøk, uten å bruke hele dagen og vel så det. For meg er Trondheim nærmeste storby, og det tar tre timer en vei, så shoppingturene blir ikke så veldig hyppige. Men jeg fikk den nye Stoff og Stil-katalogen i posten i dag, så det er nå en liten trøst.

Tilbake til kurset ditt: Antok at du skulle på et eller annet flettekurs, men skjønte ikke helt dette med mursteinen. Men ut i fra bildene dine ser jeg nå hva den skulle brukes til. Koselig og fint arbeide. Lykke til videre!

AnKa sa...

Å heldige du som har stoff og stil i nærheta.... mmmisunnelig? jada:-)
Uff ja vi e vel alle litt lite flink tell å følge med på veklsepengan...men eg syns ho kunna ha beklaga det..
ønske deg en fin kveld.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...