søndag 21. september 2008

Sauesanking

Tida omkring 20 september er det på tide å få sauene heim frå fjellbeite. Iallfall startar me då, men mykje av hausten pleier å gå med før me gjev oss.I går var eg på jobb, men i dag kunne eg heldigvis vere med til fjells. Ikkje akkurat strålande sol, men ein flott dag likevel..


Bonden speidar utover....

Dagens fyrste: men fleire er sett.....og dermed vart det min "jobb" å passe på desse medan bonden og drengen tok seg fram i ulendt terreng på jakt etter fleire...

Lussi vart att og heldt meg med selskap..ho er snill og kjekk, men totalt ubrukeleg som gjetarhund....


Og kva finn ein på medan eit sit der "på post"?
Jau, sjølvsagt tek ein fram strikketøyet....vart faktisk to vaskeklutar medan eg venta.

Slett ikkje verst å sitje der i fjellheimen med strikketøy og tekoppen. Overraskinga var stor då ein flott kronhjort kom forbi.......litt lang avstand, men eg klarte heldigvis å "rote fram" kamera før han fòr vidare...sjeldan å sjå slike til fjells, mykje oftare langs vegane..



Litt fleire sauer kom til etter kvart....




























På rad og rekke...


Heimover med dagens "fangst".

Enno manglar me mange, men har sanka berre ei helg, og hausten er lang...

Ha ei god og kreativ veke alle der ute..!

7 kommentarer:

Nita sa...

Hei, tusen takk for hilsen inne hos meg :)
Så fine bilder! Myrulla er så vakker synes jeg. Ser vi har en felles lidenskap for lopper, hihi. Det er som å gå på skattejakt, og jeg har funnet mye fint i helga.
Kommer til å følge spent med på hva du bruker ark med gotisk skrift på (hvis du legger det ut da). Jeg har nemlig også det, selv om planene er noe diffuse ennå...
Ønsker deg en fin uke :)

Nikoline sa...

Ser du har hatt ein fin dag (og litt produktiv vart den då...)
Fine bilder frå flott natur! Og som du seier; det vert nok fleire sankedagar... og eg kjenner eg savnar det bitte litt sjølv om eg er glad til at me ikkje har sauer lenger.
Lurar du på det med ferien,seier du? Tore skulle ha vinterferien (frå februar) og siste veka av sommarferien no.Men sjølv om det har vore oppført i laaang tid,enda det med at han kunne ta fri man-tirs-onsd og fredag. Altså 4 dagar istaden for 14..
Me reiser på hytta tirsdag og eg tek malarskrinet med.
Ha ei god natt.

Janne i Fagerlia sa...

Du har det virkelig flott. Tenk å få med seg naturopplevelser, trim og håndarbeide på samme tid!
Ha en fortsatt god kveld!

Mormor sa...

Du snakker om å være produktiv. Tenk å stikke på sauesanking. Nå har jeg riktignok aldri vært på sauesanking, men i mitt tilfelle er jeg redd jeg hadde korta tida men en god bok. Vakre bilder var det i alle fall. Ha en fin uke !

Blåbærpai sa...

Du verda kor heldig du var som såg sjølvaste kronhjorten! Flotte bilder og rasande flittig frue som strikker medan ho sit "på post" hihi!
HA ei god veke!

Timotei sa...

Å, så fine bilder! Du er en dyktig fotograf! Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min også. Artig at du ble inspirert av mitt siste bokkjøp på hobbyfronten.

Steinbokkjen ;o) sa...

Vanvittig flotte haustbilde da va her då! Hærle ;o)
Ska sei du e effektiv m strikketøyet på plass. Sikkert supert å sitja ute sånn m pinnane! Lykke t m resten av saua sankingjå!
Kooooz deg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...