tirsdag 10. februar 2009

Kjøkkenting og utmerking

Denne flotte har eg fått frå Besta....mange tusen takk for den!
Fekk for ei stund sidan ei utfordring frå Line : vis favoritt-ting frå kjøkkenet.
Var litt vanskeleg detta, synest liksom ikkje eg har nokon favorittar.
Men ting som eg er meir glad i enn andre, finst sjølvsagt.
Startar med dette vinkruset som eg kjøpte på Kjerringtorget, Nesbyen for fleire år sidan.

I byrjinga var det ikkje noko godt å drikke av og heldt på å ende opp som blomstervase....men no er det favorittkruset, og rødvin smakar nydeleg i dette....(Kjøpte foresten to, tenkte bonden måtte få eit òg.) Men han vart ikkje særleg begeistra, so då eg knuste det eine, var det igrunn inga katastrofe..
Dei andre tinga eg viser er alle arvegods frå barndomsheimen
Det gamle saltkaret......

Gamle, fine boksar....den eine hadde me til kakao, den andre til te...


Til slutt tek eg med radioen, av heller ny årgang.....den er nok ein favoritt, ja.
Det var visst alt for i dag!

Ein god kveld til alle som er innom til meg, og legg du att ein kommentar vert eg særdeles glad!

10 kommentarer:

Nikoline sa...

Skreiv ein lang kommentar her,men den forsvann visst i lause lufta..
So fine ting du har på kjøkkenet,fint saltkar og gamle boksar,nett slikt so eg likar so godt! (og so knallfine vinkrus *blunk-blunk*)Dei er ofte i bruk her i huset også..
Ha ein fin og krativ vinterkveld :0)

Mormor sa...

Forstår godt at dette er favoritten dine. Jeg som faller i staver over alt som gammelt og velbrukt kan ikke se meg mett på slike ting. Vinkruset var forresten knallfint det også.

bea's blog sa...

Hei!
Sa fine ting viser du her og sa fine hunder ha du! Du kan se min og mine ting og tang hvis du fa lyst til en besök hos meg pa
www.bea-nype.blogspot.com! Velkommen!
~ ♥ ~
Beatrice

LAPPEQURI sa...

Mange fine skatter du har:-)
Ha en fin og kreativ uke

Turid sa...

Så fine ting du viser oss! Flink til å ta vare på gamle verdifulle ting du!
Jeg har faktisk noen lignende vinbeger i keramikk jeg også. Men har faktisk ikke brukt de. De står bare til pynt. Hm..det må jeg kanskje gjøre noe med;)

Anne-Berit sa...

Fine favoritter du har der.Likte det vinkruset ditt,spesielt og vakkert.
Ha en fin uke videre!

Marie sa...

Fine favorittar dette! Eg likte spesielt boksane.

Herleg å vere tilbake i bloggverda!

Takk for kommentar hos meg :) Klem :)

Merethe sa...

Hei sann...artig å se disse gamle tingene dine. En slik lyseblå boks hadde vi hjemme i barndomshjemmet vårt også. Da blir det litt mimiring. :)

Steinbokkjen ;o) sa...

Arti kjøken kikk!
Du og bloggjen din gler hjerta mitt - så Besta's award e midt i blinkjen å gje t deg - frå meg og..
Ha ein vidonderle dag!
kleeeeeeeeeeeem

Anne sa...

Så fine gamle ting du har på kjøkkenet:) Koselig med slike gamle ting.. det skal jeg ha i sommerhuset vårt når vi får pusset det opp!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...