lørdag 7. mars 2009

Det vårast......


Etter florsstellet i dag tidleg fekk eg verkeleg ei kjensle av at våren er i anmarsj.....fint ver og fuglane song (!)......måtte inn og hente ein kopp kaffi..setje meg ned og verkeleg nyte det.
Men det var berre 4 plussgrader so det var ikkje snakk om i sitje lenge ute.
Det minkar på snøen i bakkane....

Og det spirer......

Veit ikkje om det var fuglesongen som var grunnen, eg fekk iallfall ein idè om at i dag skulle eg snikre eit fuglehus. Men andre plikter kalla fyrst....som husarbeid. Bestemte meg for at no skal eg rydde, støvsuge og vaske i 2 timar....so skal eg gå i snikkarbua. Utruleg kor mykje ein får gjort på 2 timar når ein har noko kjekt å gle seg til å gjere etterpå... ..men det gjekk mange timar før eg fekk begynt med snikring.....handlast mat til helga, laga mat , lese litt i avisene osv. Det vart faktisk nesten kveld
før eg kom meg ut.....
Men fuglehus vart det: Med torvtak.......


Vert nok hangande ute til pynt.....men skulle det kom eit pip-pip-par som ser seg syn med det, vert det sjølvsagt ein ekstra bonus.



Ein god sundag i vente til alle!

14 kommentarer:

malla-b sa...

Flott fuglekasse du hadde laga.
Det vårast ute. Her hos meg står krokuser og snøklokker å blomster.
Ha ein kjempefin sundag du og.

Brit. (lille meg) sa...

Så flott fuglekasse! Det blir nok rift om den blant fuglene!
Så herlig å se de små spirene kikke opp!
Her er det mye snø igjen enda, men veiene er bare, heldigvis.
Det tiner om dagene, men det er mye å ta av!
God søndag til deg!:)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Dette var da en flott fuglebolig. Den som ikke vil bo her trenger ikke hus...

Her våres det ikke. Snøen laver ned igjen.... :(

Anne-Berit sa...

Så deilig dere har det,her er det bare på hovedveiene det begynner å bli fritt for snø,ellers har vi rikelig(les altfor mye)over alt.Men det har vært fine temperaturer noen dager,men nå blåser det fælt her.Fortsatt god helg til deg:o)

~♥~ Monica S sa...

jammen har du vore effektiv!! Har du slik kustus på deg sjøl?? Eg må visst til å øve... på å jobbe to timar i strekk heime.. hehe ( kan gjerne halde på ein heil dag... men "uten å vite det")

Fuglehuset vart skikkelig lekkert!

Kos deg!
Monica

Janne i Fagerlia sa...

Milde måne, hvor flink du er! Skulle ønske jeg var like dugande i snikkarbua som deg.

Kate-Marita Pettersen sa...

Så flott at det våres, ingenting er deiligere enn snøsmelting og fuglesang en lys dag:)
Flott fuglehus du har laget:)
Ha en fin søndag,
klem fra Kate:)

Linda sa...

herlig å kjenne at våren er komen!! vi har vore oppe i 10 grader, det er snøklokker og krokusar overallt.. herlig!!!

fulgehuset er flott! håpar det kjem eit lite fuglepar og slår seg til ro der!

Turid sa...

Du er jammen flittig du! Flott fuglehus. Spennende å se om noen flytter inn. Det hadde jo vært gøy.
Ja her i Bergen er det skikkelig vårstemning i dag;) Herlig!

elle-melle sa...

Så fin fuglekasse du har laget:)
Tenk å få bo der med torvtak og greier!

Riktig vårslig var det hos deg:)

~♥~ Monica S sa...

Hei på deg!

Har ei utfordring til deg! :-)

Monica

Rosa sa...

Fuglehuset vart kjempefint! Og ja, me har verkeleg kjent på at våren er i anmarsj i bygda idag - herleg!

Ingrid sa...

trur nok du kan rekne med å få leigebuarar her ja.Sikkert mange som kan tenkje seg å bu så flott!!!

Gry sa...

Fuglehuset ditt var kjempefint!
Tenk at det er vår hos dere, og at det spirer og gror allerede...
her er det masse snø. Jeg blir nesten (vår-)grønn av missunnelse..
Ha ei flott uke!
Klem Gry : )

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...