torsdag 4. september 2008

Bryllaupsdag

Ja, slik er det: i dag har bonden og eg vore gift i 37 år.

Eg skjønar ikkje heilt detta med alle dei åra, men sidan eldste son er 36 ( og eg hugsar at me var gift før han vart fødd) so må det vel vere rett likevel...Bonden har alltid vore flink å hugse på dagen, og sidan svigermor har gebursdag på same dag, har det ofte vore kaffibesøk hjå henne. No er ho ikkje so sprek lenger, so då tenkte eg å lage til eit lite kaffiselskap for henne (og oss) på laurdag. Og med syskjen, svograr, svigerinner, store og små vert me 21 til bords. Det vert kjekt!

Litt skryt av bonden: Han vekkjer meg med kaffi på senga kvar einaste morgon, og det set eg stor pris på. Kaffi og radio er noko meir behageleg enn vekkarklokke....tru meg.

9 kommentarer:

Rosa sa...

Tillukka med bryllaupsdagen!! 37 år, gitt.....

Me gler oss til selskap :)

Ingrid sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Ingrid sa...

GRATULERER !!Ikkje verst i "våre dager". Det blir nok mange fleire år .Hels bonden

Nikoline sa...

Gratulera med dagen!
(du nemde på kaffiselskap før i dag,men dette sa du ingenting om...)
Er orkideen frå gemalen? Kjekt at dei hugsar på dagen,også etter så mange år. Har heldigvis ein eg også som aldri har gløymt ein einaste av våre 34 brudlaupsdagar.
Ha ein fin dag på laurdag!!

Mita`s hjørne sa...

Grattis med dagen...

Besta sa...

Gratulere med dagen. Vist jeg hadde vært gift enda så ha vi hatt 40 års bryllupsdag den 7. Ha fortsatt en fin kveld

Linda sa...

Gratulerer med bryllupsdag!!!
37 år, det ekje småtteri!

høyrest ut som ei herleg "vekkarklokke" du har..!

Nunne sa...

Vel overstått bryllupsdag...
Tenk deg for en mann, du kramholder på han 37 år til, du!, han som er så snill å være vekkerklokka di! Du godeste for en mann!
Har aldri hørt om makan!
Hils han, er du snill, si at jeg syns han er kjempesnill!

Janne i Fagerlia sa...

Hjertelig til lykke med bryllupsdagen, og feiringen i helgen.
Husker vi skrev følgende i minnebøkene som barn: "Elsk din mann og stopp hans hoser, så vil du vandre på røde roser." Disse ordene er kanskje ikke bra for likestillingen, men kanskje de har et snev av sannhet likevel.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...