lørdag 6. september 2008

Loppemarknad

I går var det loppemarknad i nabobygda. Det vart fortalt at alle tinga hadde tilhøyrt ei dame som i si tid dreiv Bryggen Antikk i Bergen. Foretningsdrifta var slutt for over 20 år sidan, og då vart det meste av varene flytta til huset hennar i bygda. No er dama flytta på institusjon, huset er selt
og ho har gjeve det meste av sitt jordiske gods til ungdomslaget. Og du hendelse kor mykje ho hadde... dei mest verdifulle tinga (ca 100 i talet) skulle gå på auksjon i dag.

Fekk med meg nokon godbetar: som dette syskrinet. Ganske spesielt, spør du meg......Planen er å pusse det opp....


Nålepute på innsida av lòket...


..og nokon spoler med tråd..


OOoops, kjøpte visst eit syskrin til, eg....dette var so fint at eg måtte ha det òg..
Samle på syskrin? Nei, det går vel ikkje an? Jaja, har berre 4 so langt.
I dette var det meir innhald:












Ikkje noko plastsneller her, nei...


Stoppegarn i ull og silke..

Legg merke til prisen.


Brett med bittesmå synåler.


Kanskje det eg vart aller mest glad for.......eit billeg bilde, men affeksjonsverdien er stoor..akkurat eit slikt hadde vi hengande på kjøkkenet i min barndom......og det var ikkje eg som arva det. Og tenk, so fann eg same bildet i går......... Det skal på veggen..trur ramma var svart, men det er enkelt å fikse.


God sundag!

12 kommentarer:

Rosa sa...

Det er ikkje fint å vere misunneleg, men eg er det likevel... Nydelege syskrin, og så kjekt å finne det bildet! Neste gong vil eg òg vere med ;)

Håpar de får ei god natts søvn..

Besta sa...

Det er artig når man finner slike ting som betyr noe, minner fra en svunnen tid. Ha en fin dag.

Ingrid sa...

Ramma er gull/grøn . Skal eg legge ut eit bilde i bloggen ?

Anonym sa...

Det hadde du funnet noen riktige godbiter. Minner fra en tid, da "bruk og kast" var et ukjent begrep. Ha en fin uke.

Ingrid sa...

Eit lite spørsmål. Går det å bruke decopage på tre ?

Berit T sa...

Så heldig du har vært, flotte ting.
Syskrin er alltid kjekt å ha, nesten i alle rom er det bruk for det, ikke sant?
Og det koselige bildet. Og når en har hatt et slikt i barndommen da er det ekstra kjekt.
har inntrykk av at går jeg på gjenbruksbutikker så ser jeg alltid etter slike ting som vekker minner fra barndommen.

Ha en fin søndag videre.

Orlaug sa...

Decopage på tre?
Ja, går fint, da...
Sjå innlegget frå hytta til Nikoline på landet, 13 juli 2008...

STRIKKEMOR(O) sa...

Så artige ting du har kjøpt. Det er kjekt å ha noko å samle på, og syskrin var ikkje så dumt! Ha ei fin veke du og!

Besta sa...

Hei.. du kan hente en award på bloggen min.

Rosa sa...

Hei og hopp, ei utfordring til deg frå meg..

Nitus sa...

Du har virkelig gjort et kupp på loppemarkedet.
Jeg kjenner igjen det minste syskrinet for det har min mor som jeg håper å få arve etter henne. Det er så flott at gamle ting blir tatt vare på.

Sonja sa...

Så flotte ting du fikk kjøpt deg. Skjønner godt at du falt for de syskrinene. Jeg har aldri sett noe som ligna på det med nålepute inni. Det var veldig spessielt.
Det bildet var jo veldig sjarmerende. Koselig med sånne bardomsminner.
Ha ei god natt.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...