tirsdag 9. september 2008

Utfordring

Utfordringa eg fekk frå Rosa Univers lydde soleis:
"Utfordringa handlar om ting ein er glad i, som betyr noko for deg sjølv, som ein har dradd med seg på "ørten" flyttelass og ein ikkje har fått seg til å kaste..Og som ein av og til kikkar på, med smil om munnen - for ein kan minnast, ja eit eller anna.." Og då er eg ikkje i tvil, det må bli:

Dokka mi!


Eg hugsar ikkje at eg fekk ho, var berre eit par år gammal. Mor mi fortalde at det var far min som kjøpte ho. Har 4 eldre brør, so kanskje det var litt ekstra stas at det kom ei jente til gards. Far min døydde då eg var sju år, og det er ikkje so mange ting eg hugsar om han, difor er dokka eit godt minne..
Dokka er "velbrukt", det er tydeleg å sjå. Har fått noko høgt hårfeste med åra.

Ein liten skade på høgre peikefinger...
Men eg syns ho er nydeleg fin den dag i dag.


Denne utfordringa går frå meg, til:
Janne i Fagerlia

Nikoline

God tirsdag kveld!

5 kommentarer:

Nikoline sa...

Takk for ei koseleg utfordring,den skal eg nok ta "på strak arm". Måtte trekkja på smilebandet av dokka di... har ei samme sort eg også med akkurat like høgt hårfeste og ein avbiten fing!! Ja detta var beint snodig...
Ha ein fin kveld.

Janne i Fagerlia sa...

God kveld! Tusen takk for en koselig og litt annerledes utfordring. Jeg har allerede utført "oppdraget".

Jeg har også en liten hilsen til deg på min blogg. Det er opp til deg om du vil gjøre noe med den.

hvorfor ikke... sa...

For en koselig utfordring...eller dvs du gjorde den koselig!
Dokka du fikk av far...klart den har en plass i hjerte ditt og bærer med seg mange minner....minnes dokka mi jeg også....eller alle dokker og kosedyr...dette var en koselig påminnelse på en onsdagskveld!

smil fra Torunn

Nunne sa...

SÅNN dokke hadde jeg også, presis likedan. Og vi har nok gredd håret like mye på dem, for min var også snau framme i panna....
Kjempekoselig..
Tenk deg, jeg skulle være så "snill" og gav bort ALT, masse heimlaga dokkeklær og dokka mi. Snakk om å være dumsnil... jeg har mange ganger angra!!!

Ingrid sa...

Loppemarked er spennande . Skulle vore mange fleire av dei.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...