Aldri hadde eg tenkt at det skulle bli noko anna enn lilla adventslys i dette huset.....men i dag fekk eg ånden over meg. Var innom Nille og der fann eg dette blanke fatet. Kvite kubbelys med litt pynt, og vips vart det ein ny vri i år.


Duken er lilla, får no vere måte på forandring.
På kjøkkenet har eg den gamle adventstaken med lilla lys. Svigerfar var ein dyktig handverkar, og denne adventstaken laga han til meg for mange år sidan. Han døydde i mars dette året, nær 94 år gamal. Me saknar han på garden, han kunne so mykje og var ein arbeidskar av dei sjeldne.

Og dette er den pynten som vert teke fram no. Sjølv kor glad eg er i nissar og anna julepynt, får dei ikkje setje sin fot i stova (eller andre stader) før vesle julaftan. Når gåver og mat er handla inn, huset rydda og vaska so det skin i kvar ei krå, då er det eg tek fram pynten og kosar meg retteleg.

Ha ei fin 1. adventhelg!