lørdag 29. november 2008

Advent

Stjerna er på plass i vindauga....


Aldri hadde eg tenkt at det skulle bli noko anna enn lilla adventslys i dette huset.....men i dag fekk eg ånden over meg. Var innom Nille og der fann eg dette blanke fatet. Kvite kubbelys med litt pynt, og vips vart det ein ny vri i år.


Duken er lilla, får no vere måte på forandring.

På kjøkkenet har eg den gamle adventstaken med lilla lys. Svigerfar var ein dyktig handverkar, og denne adventstaken laga han til meg for mange år sidan. Han døydde i mars dette året, nær 94 år gamal. Me saknar han på garden, han kunne so mykje og var ein arbeidskar av dei sjeldne.

Og dette er den pynten som vert teke fram no. Sjølv kor glad eg er i nissar og anna julepynt, får dei ikkje setje sin fot i stova (eller andre stader) før vesle julaftan. Når gåver og mat er handla inn, huset rydda og vaska so det skin i kvar ei krå, då er det eg tek fram pynten og kosar meg retteleg.


Ha ei fin 1. adventhelg!

7 kommentarer:

Lemi sa...

ha ei fin advent dokk og!!

Nita sa...

Jeg har også dristet meg til hvite lys i år... det er jo så lekkert da.
Men jeg vant nylig et lilla kubbelys, og når skal jeg brenne det om ikke nå? Må nok finne en plass til det også :)

Ønsker deg en fin adventssøndag :)

PS: Digger at du skriver på dialekt, er nesten så jeg kan høre det, thihi!

Hulda sa...

Så koselig :) Har tatt fram noen engler, har tre stykker som står i et vindu hele adventa. :) og så julekrybba da. :)

Kos deg i mårra. :)

Rosa sa...

forandring fryder, heiter det seg jo. Og riktig lekkert vart det, med blankt fat og kvite ljos. Eg må innrømma at eg har ikkje heilt kontroll på om me har lilla ljos i hus i heile tatt. Morgondagen vil visa.

natti :)

Line sa...

Så koseleg du har ordna...
Enda opp med kvite lys eg og, men investerte i lilla fat...Kan ikkje sleppe heilt opp på ventefargen:0)
Ynskjer deg ein flott advenssøndag!!
Klem

AnKa sa...

Tusen takk for hyggelig kommentar.
Det kan jo være greit med litt forandring, jeg bytta ut lilla lys, med lilla telys... kjøpte ny adventsstake.
Ønsker deg også en fin advent, kommer nok til å komme innom deg flere gang:-)

Mor Kari sa...

Nydelige bilder av adventstemning. Koselig tid vi er inne i nå.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...