søndag 13. juli 2008

Handel og vandel

I fylgje mitt forrige innlegg hadde eg planlagt besøk på 2 stoffbutikkar på fredag. Vart sjølvsagt skuffa når det viste seg at den eine hadde slutta med quiltestoff (dama som "kunne" med stoff, hadde slutta og begynt i anna jobb). Men det var ikkje noko å sei på utvalet i andre butikken. Og når eg i tillegg hadde levert og fått betaling for nokon bestillingar, var det (altfor) lett å handle...


Likar godt kattestoff, og desse var no søte då....


Nydeleg stoff med roser, som eg allereie har planer for (bestilling)
Kunne ikkje gå ifrå denne boka:


Som om ikkje dette var nok, hadde systera mi vore innom ein bruktbutikk og handla desse for (etter hennar utsagn) "ein slikk og ingen ting" Tusen takk!

4 kommentarer:

spøkerommet sa...

her kjem det nok snart bilde av mange fine sydde ting. no såg dei no ikkje så verst ut dei stoffa eg kjøpte heller.

Nikoline sa...

Takk for skrytet...Veit no ikkje heilt om det er fortjent,men... me tek vel til oss det me kan. kjempefine stoff! eg gler meg "grassalt" til ferdig resultat. Ha ei god og produktiv veke du også.
PS. Den boka må eg få kikka i,såg dueleg spennande ut!

AvaAdore sa...

så masse fine stoff!!

enig med spøkerommet, og vi gler oss til bilder av flotte sydde ting!

og so fint med bestillingar!!!

Rosa sa...

Åh, det var knallfine stoff! Gler meg til dei ferdige produkta :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...