mandag 21. juli 2008

Kaoskontroll 2. akt.

Det går stadig framover med prosjektet på arbeidsrommet. Har kasta det som skal vekk, sortert og pakka ned det eg skal behalde...som då vart store deler av det heile..( ikkje uventa,nei).Plastkassene med lòk som eg kjøpte siste turen på ikea kom godt med. Men det vart altfor lite,sjølvsagt. Dermed måtte eg på nærbutikken og spørje etter pappkasser...sopass mange at dama i kassen utbraut:"Skal du flytte?"

Mellombels lagring i gangen utfor arbeidsrommet (og soverommet). meir so "unntakstilstand" her no...



Skikkeleg grunnarbeid må til...


Alle hyller ferdigmålt....hurra! Kunne sjølvsagt kjøpt nye hyller so alle vart like,men syns det har sin sjarm med dei " gamle". Spesielt dei som borna (som no er voksne) har laga på "sløyden", om ikkje alle er like "perfekte", tek dei det att på sjarmen...


Fyrste strøk på vegger....


I ryddesjauen sist helg fann eg att denne fine lysestakekoppen frå house doctor, kjøpt på Patina.
Hadde tenkt å gje den i gåve,men den er so fin at eg må visst ha den sjølv,trur eg....


Ha ei god arbeids (eller ferie) veke der ute!

4 kommentarer:

Nikoline sa...

Skal sei du er driftig! Litt av ein jobb,men det er kjempeskøy når ein ser slike resultat av "slitet". Gler meg til ferdig resultat...
Eg har kjøpt masse store kassar med lok på europris,rimelege og funksjonelle.
Ha ein fin dag.
PS:For ein NYDELEG kopp!!!

spøkerommet sa...

Dette blir bra !1 Nesten so eg får lyst og begynde sjøl og , men får vel gjere ferdig peisprosjektet .Skal i angedalen i dag .

Kjersti M sa...

Ta en titt i bloggen min - for der er det en velfortjent award fra meg :O)
Kom gjerne til meg for litt kaoskontroll - det trengs.
Håper sommeruken blir fin og at solen skinner hos deg :-)

AvaAdore sa...

ditte blir supert! tenk so herlig når du e ferdig.

Ser bra ut, eg hadde ikkje orka å sette i gong, hehe.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...