torsdag 10. juli 2008

Dokkehus.

For ei stund sidan var bonden min på gjenbrukstajonen og skulle kvitte seg med noko boss. Og medan han stod der og sorterte,svinga det opp ein bil ved sida av han, med ei dame som var ute i same ærend. Ho spurde fint om han ville hjelpe henne med ei kasse som var frykteleg tung. "Sjølvsagt"sa bonden, som den gentleman han er... so kjem me til poenget: ut av bilen tok dama eit dokkehus. Det var tydelegvis vanskeleg å kvitte seg med det, for ho sette det inn att , men tok det ut att endå ein gong med desse orda:"Nei,eg kaste det". "Eller vil du ha det?"sa ho til bonden. "Jau,takk som byr"sa han, og tenkte sjølvsagt på at barneborna kanskje kunne få glede av det..



Ein heil pose med solide møblar fylgde med.




Ser for meg eit større prosjekt med maling,tapetsering(?)møblering, sying osv. for å få det fint. Er ikkje heilt sikker på om eg er "den rette" til den jobben, men det får stå i kjellaren og godgjere seg..... vert ikkje endå iallfall.

I morgon reiser eg på tur for å feire 60-årsdag til ei svigerinne.Etter nokon timar med tog og buss er eg framme, og der skal eg besøkja minst 2 stoffbutikkar...Hurra!

Ha ei superfin helg alle ihop!

4 kommentarer:

Nikoline sa...

Hadde vore heilt galskap om noko slikt gjekk på dynga!! vert nok forandringa i dokkehuset etter ei stund hjå deg tenkjer eg... Ha ein god tur og ei fin helg. (fin pus du har forresten)

Rosa sa...

oj! Det var jammen fint!

Etter litt tenking og finarbeid vert det nok supert for dei søte små ;)

Kos deg i helga!

Anonym sa...

Nei, no vart eg no imponert av bonden, du ! Kjekt prosjekt for både små og store hender datta :) - H.

Linda sa...

Kaste det? galskap!!
Det er jo nydeleg!!

gler meg til å sjå det endelege resultatet!

kos deg med "oppussinga"!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...