lørdag 19. juli 2008

Kaoskontroll 1. akt

Tanken slo meg straks eg hadde vakna i går morgon: no skal det skje noko drastisk på arbeidsrommet mitt. Kanskje inspirert av ymse bloggar, eller Hilde Hummelvoll sine kaosprogram på tv? Ikkje veit eg .....Rommet er ca 6,5 m2, og vart måla blått då minstemann flytta inn der... han flytta til større rom då han var 7, og då overtok eg det til arbeidsrom.(No er han 18......) kan trygt sei at det er overfyllt,trur "problemet" er at eg driv med so mykje forskjellig.. når eg lagar nissar og troll,må eg ha "nisse/trolltinga".Når eg målar må eg sjølvsagt ha "måletinga "osv... og so var det detta med å kaste ting,då....Uff,syns eg høyrer den før nemnde Hilde:" Må du verkeleg samle på detta?", el:"Trur du at detta er noko du kjem til å sakne?"
Eit par bilder viser litt av elende......til mitt forsvar må eg sei at slik har det ikkje alltid vore...men no er eg i gang,her skal alt ut,veggar og hyller skal målast, det skal sorterast,ryddast og kastast (hjelp) og det skal bli so fint atte....


Men slikt arbeid er ganske krevjande, so ein liten pause framfor pc`en har eg fortent no.
God laurdagskveld!

8 kommentarer:

tanja sa...

tja.. synest ikkje det ser so rotete ut eg då. men det er alltid greit å ruske opp litt heilt utruleg kva ein finn som ein ikkje visste at ein hadde:)

spøkerommet sa...

Dette blir nok bra ! Men for eit arbeid og sortere alt .Eg var så "lur" at eg fann meg eit nytt rom så no har eg to som skulle vore rydda !!!!

Berit sa...

Kjenner meg igjen...!!!!
Ser du holder på med mange hobber, og har ting som er kjekt å ha, slik er det her også!! Men av og til så trenger en å romestere litt for å se hva en har og hva som mangler. Som regel øker samlingen mer enn den minker...ting kan jo komme vel med...
Det var noen flotte cernittfigurer du lager, og nydelige syarbeider.

Har kost meg her hos deg og kommer gjerne tilbake. Linker deg visst det er greitt??
Ha en fin helg.

Nikoline sa...

Ja,hadde eg ikkje kjent deg så godt hadde eg vel ikkje våga å sei dette,men veit du ikkje er så veldig "hårsår",men du hadde ikkje noko ryddig hobbyrom synes eg... Det er verre enn mitt...
Men så veit eg også at du fiksar det meste og at det vil stå fram i ein nokså annleis form når du har romestrert litt.
God fornøyelse

Trollkåno sa...

Åja,eg er fullstendig klar over at det er verre enn ditt. Men berre vent ,du...ei veke eller noko slikt.Då skal det stå fram i ny prakt. Og so måtte det no vere ekstra ille no, so ein skal sjå forskjellen. Men foresten: fekk ikkje sjå bilde før du starta omvøla. E du sikker på at????? jau, eg trur deg..

Nikoline sa...

Jadå,var nok lurt å ta bilder på forhånd, så får ein verkeleg sjå forskjellen etterpå. For å vera heilt ærleg ville eg ikkje visa "mitt sanne eg",men du har jo sett kor det kan sjå ut til tider hjå meg også..
Takk til alle bloggarar som får oss til å setja ein viss kroppsdel
i gear,sant??
Gler meg til resultatet! Kjem snart meir frå bula mi også..

Rosa sa...

Dette er då ikkje meir enn det bør vere i eit "kreativt kaos" ;) Ser for meg Hummelvoll der ho står og ristar litt på hovudet, hihi. Resultatet kjem til å bli knallbra!

Anonym sa...

Hugsar godt då me nett fekk kikke inn i ditt kreative univers då me kom heim utpå natta, før i verde, for du sat sjølvsagt oppe i ivrig arbeid med eit lite glas vin og radioen på. Syns alltid da har sett spennande ut der inne, men eg skjønar at du har lyst å ha orden i sakene etter so mange år... Det blir nok veldig bra :) Og eg vil gjedna kikke inn....;)- H.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...