mandag 29. september 2008

Peisved

Jobben med å skaffe ved til peis og ovnar er triveleg.....Bonden feller trea og kvistar dei , ofte er det han som kuttar dei i høvelege lengder òg. Men av og til kjem det heim i tunet store stokkar. Som regel er det eg som overtek når dei er komne so langt...


Denne motorsaga er akkurat passeleg til meg, dessuten er den elektrisk og dermed ingen startvanskar. Har riktignok klart å sage i ledningen eit par gonger, men det fiksar bonden lett.



Kløyvinga går som ein leik med denne dugelege reiskapen, kobla til traktoren.


Gamle Volvoen har endå krefter til å "dra" vedkløyvaren...

Dette arbeidet føregår vinter og vår.....

Etter at veden har lege her og turka i eit år eller vel so det, er den turr og fin.....og klar til å fyre med....... Då går eg min daglege morgontur, hentar ved i vedhuset.....
...kapper opp med kappsaga som står i løo.....


......og bèr i hus.....fyrst inntil svigermor, sler av ein prat med henne og høyrer korleis det står til..
Deretter det som trengs i heimen til eit døgns forbruk...
Sjølvsagt kunne dette vore gjort mykje meir rajonelt, saga i større mengder med ein gong, køyrt med traktor osv.....men eg kosar meg med dette " morgonritualet", so kvifor endre på det då?
( Bilde lånt frå nettet)

I morgon er det tirsdag, kos deg då!

7 kommentarer:

Ingrid sa...

Åh dette er kjekt arbeid . Og så kan ein fyre med godt samvit heile vinteren .

Lemi sa...

heihei... æ veit ikke om d ble no av stoff og stil-turen?? prøvde maile deg, men har ikke hørt no sia..

Lemi sa...

åh så bra!! va redd du hadde glemt meg.. da e den vel rett rundt hjørnet da. du får sende meg adressen og fortelle kor mye d kom på, om d ikke allerde står i pakken da ;)
tuuusen takk!!

Mor Kari sa...

Godt å få veden i hus, ja. Vi har akkurat stablet vinterens forsyning innomhus, vi også. Koselig arbeid!

Nikoline sa...

Kjekt arbeid,det der. Men å bera veden inn,det er husbonden sin jobb her i huset.Eg kløyver,sagar og legg i sekkar,men som regel er det ein felles jobb som me kosar oss med om våren.
Ha ein flott og kreativ tirsdag!

Nikoline sa...

Ha,ha,ha... ja,at eg ikkje kom på å ta deg med på "dørsanking"!! Veit jo at du er van både å bera og ta i eit tak når da trengs so kanskje du høyrer i frå meg ein mørk og skummel kveld..
Takkar for tilbodet.

Huset i skogen sa...

Ja vedarbeid er kjekt! Her i huset har vi akkurat fått i hus årets vedforsyning. Den var ferdig kappet og kløvd fra i fjor, da vi ordnet store paller som det er bare å kjøre inn og stable. Greit for meg som er livredd kappsager! Har alltid hatt mareritt om at jeg kan kappe av meg fingrene hihi...
Nå kan vi iallefall fyre med god samvittighet både du og jeg!
Ha noen fine høstdager:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...