tirsdag 18. november 2008

Lussi har flytta...

Som eg har fortalt før har me tre hundar.
TEDDY er 10 år gammal og fantastisk flink å gjete sauer.Men han dreg på åra og i beste fall kan me rekne med at han fungerar som gjetar eit par år til...

TINKA er3,5 mnd og håpet er at ho skal ta over oppgåvene etter Teddy.


LUSSI er 3 år gamal og dotter til Teddy, og me hadde lenge tru på at ho skulle verta gjetarhund....men desverre....ho har nok ikkje arva "gjetargenene" og ein gjetarhund MÅ me ha.
Men tre hundar er rett og slett for mykje....
Lussi er kjempesnill, glad i ungar og den perfekte familiehund. Me har snakka med fleire om dei vil overta ho, uten at det har lukkast. Har ikkje lyst å berre gje ho vekk til nokon me ikkje kjenner....Men for eit par dagar sidan fekk me napp. Og no i kveld på jobb ringde bonden og sa at ho hadde flytta.... til ein plass der me veit at ho får det godt.
Men eg syns det skjedde litt for kjapt, fekk ikkje ta farvel.... Kanskje like greit, hadde vorte frykteleg trist.....og det vert det uansett når eg kjem heim i kveld og ho ikkje er der.



Trøysta er at ho er ikkje reist langt, so me får nok sjå ho att.

6 kommentarer:

Lemi sa...

så sørgelig da... men hvis d e t d beste, så må d vel bare være sånn da..

klem

Mormor sa...

Oi,det var litt trist dette. Men hvis hun bare får det godt, så er ikke tanken så vond i ettertid. Jeg måtte omplassere en hund engang, fordi jeg selv måtte flytte til et lite hundevennlig sted. Det var utrolig trist for meg, men hun var kjempeheldig med det nye hjemmet sitt. Så etter hvert innså jeg at det var det beste for bikkja.

Unknown sa...

Uffja, det er alltidt trist å måtte seie farvel til dyr ein har knytta seg til... Men skjønar godt at re hundar vert i meste laget, og at ein då må prioritere ein hund som beherskar gjetinga!!
Men det må no vere utruleg deilig å vete at ho får det godt dit ho kjem:0)
Nydeleg er ho i alle fall, om ikkje ho kan gjete...
Klem Line

hvorfor ikke... sa...

man blir jo så glad i disse firebeinte! Skjønner godt at dere ikke ville gi henne bort til noen dere ikke kjenner. Det er lov å sørge litt, selv om man vet at hun får det godt.
Trøsteklem fra Torunn

Ingrid sa...

Triste greier dette men eg forstår godt at tre hundar er for mykje.Trøsta må vere at de veit ho får det godt.

Besta sa...

Å det er så trist... de hør jo til i fam. Klem

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...