mandag 28. juli 2008

Nostalgi

Slåtten på stølen føregår omtrent som den gjorde i "gamle dagar". Litt av sjarmen det, å gjere det slik forfedrane gjorde det...Sjølv om det meste vert slege med maskin no, må me òg ta i bruk langorven der det er mest ujamnt. Den gamle riva med tindar i tre er no erstatta av plastriver. Og medan dei før la høyet inn i løa om sommaren, og så køyrde det heim med hest og slede når snøen var komen, brukar me traktoren..Får no vere måte på nostalgi!(Dessuten har me ikkje hest)








Når høyet er tørt vert det laga bører, som så vert lessa på traktoren og køyrt heim.


Børge er sterk og ber bører so lett so......

Og når stølsbøen er nyslegen,høyet er i hus og kvelden kjem, då tek bonden fram trekkspelet og tek seg ein trall i rein glede..


6 kommentarer:

Nikoline sa...

Ja dette var NOSTALGI de lux!! SÅ flotte bilder!! Sette meg tilbakers til gode,sorglause dagar med lukten av turrhøy,den snildaste,snildaste bestefar i verden med høybøra på ryggen og eg tuslande bak oppover Vinjadalen...
(og somrane var berre slik som no,sol,sol og atter sol...)
Ta godt vare på stølsdagane du får!

Anonym sa...

Skikkeleg nostalgi !!!!sikkert litt slitsomt og . Men når kvelden vert av avslutta med levande musikk er det bra !!!

Rosa sa...

Eg høyrer "Rosa på ball" heilt hit.. den kjem saman med angen av stølshøy.

Kjempefine bilder!

Nikoline sa...

Ynskjer deg ein fin tur og ein "innbringande" dag på Biri.
Dukkar det opp sager og små mjølkespann veit du kven som vil ha!!
God ferie:0)

Besta sa...

Åååå vi har hatt gård for lenge siden.. kan enda kjnne tørrhøy lukta. Flotte bilda. klem

Mona sa...

Kjempeflotte bilder, minner om barndommen og gode varme somre.
Du lurte på hvor jeg hadde kjøpt klemmelåsene til pengepungene.
Jeg har kjøpt på Husfliden her i Tromsø men vet at nettbutikken Polarquilt har slike.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...