fredag 4. juli 2008

Flathøyvèr....

..det har det vore til gagns denne veka. Og når vermeldingane alt sist helg varsla godver i mange dagar,var det berre ein ting å gjere.. få graset av rot so fort det let seg gjere. Allereie mandag kveld var slåttekaren i gang.



Lussi kosar seg når noko skjer ute..



Den yngre garde tek eit tak...



Oi,kva var det? Ei marihøne....



Etter eit par omgangar med snuing på bakken er høyet tørt, og kan takast i hus.








Mange lass med turhøy av beste kvalitet. Dette er snop for sauene,nesten som chips...vil eg tru.






"Hovold"- gammal reiskap som er uunværleg når ein skal stramme tauet...



Rive i solnedgang




Og dette var vel nok bondekultur for i dag...

Ha ein strålande sundag!


4 kommentarer:

Anonym sa...

Flott innlegg!

Når ein ser det på denne måten ser det jo nesten kjekkt ut med slåtten ;) I alle fall idyllisk.

Rosa sa...

kjempefine bilder!

Me får håpe sauene veit å sette pris på godsakene til vinteren - det er ikkje få arbeidstimar som ligg bak desse høylassa. Men det er vel godt òg, å kunne drive slåtten i godvèr til flathøy. Då vert det som ei gammal dame ein gong sa - "det er ein fest med den slåtten!"

God sundag :)

Anonym sa...

flott innlegg og fine bilder. godt med mykje hjelp i ¨slåtten .

Nikoline sa...

godt å sjå at de rakk å få inn høyet før regnet kom. Er einig med Jan Ove, det ser beint kjekt ut med slåtten slik ein ser det her. Ialle fall idyllisk og kjempefint innslag! ha ein fin dag.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...