Kva med ein liten konkurranse?
I ein konkurranse må det vere premie... Kan vel ikkje lokke med eit produkt frå kurset, det vert nok som" å selje skinnet før bjørnen er skoten". Men ein premie skal det bli til.......legg att ein kommentar so er du med........
..fram til sundag kveld, då håpar eg å ha eit el. fleire produkt å vise fram.

Måtte til å tenkje etter kor tid eg sist var på kurs innan hobby...og kom til at det var dreiekurs for halvanna år sidan.Ei heil veke på dagtid var det...Eg og fem mannfolk kom der dragsande med dreiebenkar 0g utstyr ( bonden stilte som vanleg opp med transport og berehjelp)......og med friskt mot iallfall til å begynne med.......sovidt eg hugsar hadde alle karane dreia før og gjekk laus på "vanskelege" ting, medan eg stod der med "prøvetingen" min i dagevis.
Hadde vel ikkje tenkt at eg skulle bli nokon "stordreiar", men håpte eg skulle bli i stand til å dreie små grautskåler til nissane mine, evt. enkle fat til å male på.
Det eg klarde å prestere den veka var denne vesle skåla (trur læraren gjorde det meste).

Nei, dreiing er ikkje noko for meg, dreiebenken er "skumlare" enn nokon gong der han står i snikkarbua.
Svigerfar var ein dyktig dreiar og eg maste på han at eg ville lære det, men det hadde han ikkje lyst til....."Er redd du skal ødelegge hendene dine", sa han. Han hadde nokon skader sjølv, so han visste kva han snakka om...
Tek til slutt med eit bilete frå den vakre solskinnsdagen me har hatt i dag.

Ha ei fortreffeleg helg i godveret!