lørdag 17. januar 2009

Heider og ære!

Dagens innlegg er i si heilheit tileigna bonden min. Kan kanskje verke som eit einaste langt skryteinnlegg, og nett det er meininga!
Han har vore i Bergen eit par dagar, møte i HV. Avslutning i går kveld med middag og sosialt samvær, der eg òg var invitert. Men nokon må "halde stillingen" på heimebane òg. Med tre hundar, floren full av sauer, jobb på kveld og eldre folk som treng tilsyn er det ikkje so lett å kome ifrå. Trengs rett og slett eit "Heimevern" her òg.
Men det var bonden:
I går fekk han denne utmerkinga:

Vel fortjent etter 40 år....kunne slutta for 16-17 år sidan, men med ei unik interesse for Forsvaret har han stått på....seier han skal gje seg til nyttår, men...hm....trur me har høyrt den før, ja....

Ein nydeleg bukett fylgde med...



Når eg likevel er igang tek eg med eit par prisar til:
Kommunen sin kulturpris for 2002.
For hans store innsats innan musikklivet gjennom mange år.

(Laga av kunstnaren Leif Gjerme, som diverre har gått bort)


Vossajazz sin badnajazzpris for 2007.


I tillegg til å ha vore dirigent i musikklaget i bygda siste 27 åra spelar han trombone i Voss Storband og Orkesteret Fossegrimen, eit lokalt symfoniorkester.
Eg er imponert over hans uthaldenheit og pågangsmot. Den mannen gjev ikkje opp so lett, det kan eg forsikre.
God helg til alle!

Ps. Har fått nokon utmerkingar eg òg (på bloggen) kjem tilbake til dei.

7 kommentarer:

Muffin sa...

Gratulerer masse til gullvinneren! Hils fra meg og si takk for at han passer på oss, vi setter pris på det!

Anne-Berit sa...

Må bare få gratulere med alle utmerkelsene han har fått.Han virker som en kjekk kar den mannen din.Ha ei fin helg!

Rosa sa...

Eit skryteinnlegg er vel fortent etter slike utmerkingar! Tippar det var ein nøgd HV-bonde som kom heim idag :)

men at han skal gje seg til nyttår? haha, det vil me sjå før me trur det ;)

Line sa...

Gratulerer med mangeårig innsats til mannen din. Har ein i heimevernet eg og...
Ser ut som ein mann som verkeleg legg ned ein kolosal innsats i det som interesserar han, det er alle dei flotte heidersutmerkingane vitnesbyrd om:0)
Ynskjer dokke ein flott laurdagskveld!!
Klem

Mormor sa...

Du stor min, jammen er han verd et skyteinnlegg den bonden din. Neimen ikke rart du er stolt av han. Men jeg har hørt at "bak en hver mann står en kvinne":-)Det "heimevernet" du bedriver er ikke å kimse av det heller.

~♥~ Monica S sa...

Hei Hei og god kveld i stova! :-) Fin stemning her hos deg i dag :-) Koseleg at ein får gode tilbakemeldingar i det "virkelige" livet også!! ;-) Han har vel fortjent desse bonden din!

Du får helse han og takke frå oss og! :-)
Monica

Tofo sa...

Du får hilse bonden og gratulere så masse! Skjønner godt at du er stolt av han! ...og han er nok stolt over deg også tenker jeg...

Ha en fin søndag;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...