søndag 12. oktober 2008

"LOPPESIRKUS"

Er allereie litt over ei veke sidan siste loppemarknad. Litt småtteri vart det denne gongen òg, heldigvis....ville vore for gale å kome tomhendt heim att.

Denne rare "kassen" skal eg bruke til å "stille ut" noko på julemesse..


Ymse reiskapar....har ein plan med desse....skal (kanskje) vise.....


Dette er ein slags bæremeis, vart det fortalt. Har tenkt å dekorere den på ein måte....


To skikkeleg gamle bøker....


Den eine med nydeleg handskrift ( frå 1861), nesten eit brotsverk å rive den "i filler", for å bruke den til dekorasjon ( f.eks kremmerhus) , men eg har ikkje noko personleg forhold til den......


Eit tønnelòk, eller kanskje dolòk for det eg veit...dette vert kanskje målt noko på .....


Eit par ting eg skal ha sjølv, kvit spraylakk er innkjøpt....



Og me tenkjer vel på småfuglane til vinteren, eller?


Ha ein god sundag vidare!

5 kommentarer:

Lemi sa...

hei hei og god søndag! masse flott du har tatt me deg heim ;)

Nikoline sa...

Hei. Jadå,her var det masse spennande som vanleg når du har vore på loppis! Gler meg til "det kjem i bruk", veit vel slik ca.kva tankar du har med det meste av det så det vert spennande å sjå.
Ha ein fin søndagskveld og ei god og kreativ veke i vente. (er det friveke no,eller er eg kome ut or "teljinga"?)

Ingrid sa...

Her kjem det til å bli mykje fint framover !!Og dei kattungane var søøøte !!!Kan nok ikkje overta noken av dei. 4 vaksne kattar får vere nok.

Sonja sa...

Skal si du har funnet mange skatter på loppemarked. De blir sikkert flott det du har tenkt å bruke dem til.
Gleder meg til å se. Lykke til med dekoreringa.

Marita sa...

Flotte loppefunn. Det lokket kan også være til kinne kanskje.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...