torsdag 23. oktober 2008

Snikkarbua

Eg er so heldig at eg har snikkarbu...bonden gjer sjølvsagt nødvendig arbeid der , men det er mest eg som brukar den, og spesielt på denne tid av året.
Svigerfar var ein flink handverkar, og spesielt med trearbeid. Det var han som laga til snikkarbua i eine enden av løa.
Bandsaga er den som eg brukar mest, heilt uunværleg er den..

Svigerfar var ivrig ved dreiebenken når han hadde tid til det. Han laga fine grautskåler som eg fekk til nissane mine. Etter at han var slutta med dreiing, tenkte eg at detta måtte eg lære meg...melde meg på ei vekes dreiekurs. MEN....nei, detta var ikkje noko for meg
Har ikkje prøvd i heile tatt etter kurset. Syns rett og slett dreiebenken er litt skummel , der han står.

Denne fresemaskina fekk til ein gebursdag av bonden. Hadde ynskt meg ei slik lenge....brukar den til å lage fine kantar på skilt f.eks...

Kontursaga har eg kjøpt sjølv...



Slik ser lageret av rekved ut no...alt dette er tørka og klart til bruk.


Ha ei strålande helg alle der ute, og hugs: Bruk refleks!

4 kommentarer:

Nikoline sa...

Ja,her skal eg sei utstyret er i orden!Og flink er du som brukar det også... eg har fobi for alt med ledning som durar når du trykkjer på ein knapp!
Ynskjer deg ei god og produktiv helg og pass fingrane når du er i snikkarbua!!Me reiser på hytta i dag,så får me sjå kor mange timar det går før me må heim att i ein viss fart...

kate sa...

Åjj så flott med egen snikkarbu:)
Tenker det blir mye fint ut av all rekveden du har tørket:)

Ha ei flott helg.
Klem fra Kate:)

Janne i Fagerlia sa...

Nå må jeg nesten le. Når jeg ser bildet med røtter og rakved, minner dette mistenkelig på min egen samling av samme sorten. Regner med at dette har gitt deg mange fine turer i naturen.

Besta sa...

Så heldig du er. Må du no ikke sage deg. Ser mye fine røtter.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...